204519_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
204519
Auka sal av diesel
statistikk
2015-04-22T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I mars 2015 ble det solgt 677 millioner liter petroleumsprodukter.

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffmars 2015, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av diesel

Det totale salet av petroleumsprodukt enda på 677 millionar liter i mars. Dette er ein liten reduksjon på om lag ein halv million liter frå mars 2014. Dieselsalet steig, men salet av bensin vart redusert.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Mars 2015Mars 2014Endring i prosent
Mars 2014 - Mars 2015
Samla sal av petroleumsprodukt6776770,0
Bilbensin97100-3,0
Bilbensin, pris14,014,7-5,2
Autodiesel3142985,4
Autodiesel, pris12,513,2-5,5
Figur 1. Priser på fyringsolje, bilbensin og autodiesel

Det vart selt 314 millionar liter diesel i mars. Dette er 16 millionar liter meir enn i den same månaden året før. Gjennomsnittsprisen på ein liter diesel var 12,47 kroner i mars 2015, som er 0,73 øre mindre enn i mars året før, men 33 øre meir enn i februar i år. Salet av diesel utgjorde om lag 46 prosent av det totale petroleumssalet.

Marssalet av bilbensin utgjorde 97 millionar liter, som inneber ein nedgang på 3 millionar liter frå mars året før. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 13,95 kroner. Dette svarar til ein prisreduksjon på 76 øre frå mars 2014 og ein auke på 40 øre frå februar til mars i år.

For nesten alle dei restrande petroleumsprodukta vart salet redusert i mars. Unntaket var marine gassoljer der salet auka med 11 millionar liter.