204517
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
204517
Lågare drivstoffprisar
statistikk
2015-03-18T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I februar 2015 ble det solgt 613 millioner liter petroleumsprodukter.

Sal av petroleumsproduktfebruar 2015, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare drivstoffprisar

I februar kosta diesel i gjennomsnitt 12,14 kroner per liter. Ein må tilbake til november 2010 for å finne like låge prisar. Ein liter bensin kosta i gjennomsnitt 13,55 kroner, som er det lågaste nivået sidan februar 2011.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Februar 2015Februar 2014Endring i prosent
Februar 2014 - Februar 2015
Samla sal av petroleumsprodukt613627-2,2
Bilbensin8186-5,8
Bilbensin, pris13,614,8-8,7
Autodiesel2862744,4
Autodiesel, pris12,113,4-9,6
Figur 1. Prisar på fyringsolje, bilbensin og autodiesel

Gjennomsnittsprisen på ein liter diesel i februar låg 33 øre under prisen i januar i år og 1,29 kroner under prisen i februar i fjor. Det vart selt 286 millionar liter diesel i februar. Dette er 12 millionar liter meir enn i den same månaden året før. Salet av diesel utgjorde om lag 47 prosent av det totale petroleumssalet i februar 2015.

Ein liter bilbensin kosta i februar i gjennomsnitt 13,55 kroner. Dette svarar til ein prisreduksjon på 23 øre frå januar og er eit prisfall på 1,30 kroner frå februar 2014. Februarsalet av bilbensin utgjorde 81 millionar liter, som inneber ein nedgang på 5 millionar liter frå februar året før.

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 613 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 14 millionar liter sidan februar 2014.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB