204513_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
204513
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2015-02-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I januar 2015 ble det solgt 644 millioner liter petroleumsprodukter.

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjanuar 2015, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det totale salet av petroleumsprodukt enda på 644 millionar liter i januar 2015. Dette er ein reduksjon på 0,9 prosent frå januar 2014. Dieselsalet steig, men salet av bensin vart redusert.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Januar 2015Januar 2014Endring i prosent
Januar 2014 - Januar 2015
Samla sal av petroleumsprodukt644650-0,9
Bilbensin8693-7,5
Bilbensin, pris13,814,9-7,6
Autodiesel2972883,1
Autodiesel, pris12,513,5-7,6
Figur 1. Prisar på fyringsolje, bilbensin og autodiesel

Det vart selt 297 millionar liter diesel i januar. Dette er 9 millionar liter meir enn i den same månaden året før. Gjennomsnittsprisen på ein liter diesel var 12,46 kroner i januar 2015, som er 1,03 kroner mindre enn i januar året før. Salet av diesel utgjorde om lag 47 prosent av det totale petroleumssalet.

Januarsalet av bilbensin utgjorde 86 millionar liter, som inneber ein nedgang på 7 millionar liter frå januar året før. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 13,78 kroner. Dette svarar til ein prisreduksjon på 1,13 kroner frå januar 2014.