148653
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
148653
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2014-12-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I november 2014 ble det solgt 747 millioner liter petroleumsprodukter.

Sal av petroleumsproduktnovember 2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 747 millionar liter i november i år. Dette er 3,3 prosent meir enn i november 2013. Dieselsalet steig med 1 million liter i den same perioden.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
November 2014November 2013Endring i prosent
November 2013 - November 2014
Samla sal av petroleumsprodukt7477233,3
Bilbensin8795-8,4
Bilbensin, pris14,514,6-1,0
Autodiesel3223210,3
Autodiesel, pris13,013,3-2,2
Figur 1. Prisar på fyringsolje, bilbensin og autodiesel

Størst var auken i salet av jetparafin. I november i år vart det selt 146 millionar liter, som er ein oppgang på 56 prosent frå novemberåret før.

Det vart selt 322 millionar liter diesel. Dette er 1 million liter meir enn i november 2013. Gjennomsnittsprisen på ein liter diesel var 13,00 kroner, som er 29 øre mindre enn i november 2013, men 17 øre meir enn gjennomsnittsprisen var i oktober i år. Salet av diesel utgjorde om lag 43 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Novembersalet av bilbensin utgjorde 87 millionar liter, som inneber ein nedgang på 8 millionar liter frå november sist år. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,48 kroner. Dette svarar til ein prisreduksjon på 15 øre frå november 2013 og er eit prisfall på 12 øre frå oktober til november i år.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB