148651
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
148651
Liten auke i det totale salet av petroleumsprodukt
statistikk
2014-11-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I oktober 2014 ble det solgt 789 millioner liter petroleumsprodukt.

Sal av petroleumsproduktoktober 2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i det totale salet av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 789 millionar liter i oktober i år. Dette er ein liten auke på 0,4 prosent, eller om lag 3 millionar liter, samanlikna med oktober 2013.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Oktober 2014Oktober 2013Endring i prosent
Oktober 2013 - Oktober 2014
Samla sal av petroleumsprodukt7897860,4
Bilbensin99104-4,8
Bilbensin, pris14,614,8-1,4
Autodiesel3463343,6
Autodiesel, pris12,813,4-4,6
Figur 2. Prisar på fyringsolje, bilbensin og autodiesel

Det vart selt 346 millionar liter diesel. Dette er 12 millionar liter meir enn i oktober 2013. Gjennomsnittsprisen på ein liter diesel var 12,82 kroner, som er 62 øre mindre enn i oktober 2013 og 24 øre mindre enn gjennomsnittsprisen var i september i år. Salet av diesel utgjorde om lag 44 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Oktobersalet av bilbensin utgjorde 99 millionar liter, som inneber ein nedgang på 5 millionar liter frå oktober sist år. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,60 kroner. Dette svarar til ein prisreduksjon på 21 øre frå oktober 2013 og er eit prisfall på 36 øre frå september til oktober i år.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB