148659
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
148659
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2014-09-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I august 2014 ble det totale salget redusert med 6,1 prosent.

Sal av petroleumsproduktaugust 2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 754 millionar liter i august i år. Dette er 6,1 prosent, eller 49 millionar liter, mindre enn i august 2013. Salet av dei fleste petroleumsprodukta vart redusert, unntaket er parafinprodukt.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
August 2014August 2013Endring i prosent
August 2013 - August 2014
Samla sal av petroleumsprodukt754803-6,1
Bilbensin112120-6,7
Bilbensin, pris15,115,10,3
Autodiesel320323-0,9
Autodiesel, pris13,313,3-0,3

Det vart selt 320 millionar liter diesel i august. Dette er ein reduksjon på 0,9 prosent, eller 3 millionar liter, frå august 2013. Gjennomsnittsprisen på ein liter autodiesel var 13,25 kroner, som er 4 øre mindre enn i augst 2013 og den same gjennomsnittsprisen for i juli i år. Salet av diesel utgjorde om lag 42 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Augustsalet av bilbensin enda på 112 millionar liter, som utgjer ein nedgang på 6,7 prosent, eller om lag 8 millionar liter, frå august sist år. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 15,12 kroner. Dette svarar til ein prisvekst på 4 øre frå august 2013 og er ein prisreduksjon på 17 øre frå juli til august.

Meir parafinprodukt selt

Det vart selt 109 millionar liter parafinprodukt i august. Av dette var 107 millionar liter jetparafin og 2 millionar liter fyringsparafin. Salet av fyringsparafin vart redusert med om lag 1 millionar liter frå august 2013, medan salet av jetparafin auka med 4 millionar liter.

Redusert sal av mellomdestillat

Salet av mellomdestillat enda på 149 millionar liter. Dette inneber ein reduksjon på 13,4 prosent. Av dette var om lag 12 millionar liter lett fyringsolje, der salet vart redusert med 7 millionar liter. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 11,23 kroner. Dette er ein oppgang på 1,24 kroner frå august 2013 og den same gjennomsnittsprisen som i juli i år. Samanlikna med august 2013 vart salet av marine gassoljer redusert med 12,5 prosent og enda på 124 millionar liter.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB