148671
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
148671
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2014-08-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I juli 2014 ble det totale salget redusert med 4,1 prosent sammenlignet med juli 2013.

Sal av petroleumsproduktjuli 2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 743 millionar liter i juli i år. Dette er 4,1 prosent, eller 32 millionar liter, mindre enn i juli 2013. Salet av dei fleste petroleumsprodukta vart redusert, unntaket er parafinprodukt.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Juli 2014Juli 2013Endring i prosent
Juli 2013 - Juli 2014
Samla sal av petroleumsprodukt743775-4,1
Bilbensin123131-6,1
Bilbensin, pris15,315,11,5
Autodiesel292300-2,7
Autodiesel, pris13,313,3-0,5

Det vart selt 292 millionar liter diesel i juli. Dette er ein reduksjon på 2,7 prosent, eller 8 millionar liter, frå juli 2013. Gjennomsnittsprisen på ein liter autodiesel var 13,25 kroner, som er 6 øre mindre enn i juli 2013. Frå juni til juli i år auka derimot gjennomsnittsprisen med 23 øre. Salet av diesel utgjorde om lag 39 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Julisalet av bilbensin enda på 123 millionar liter, som utgjer ein nedgang på 6,1 prosent, eller om lag 8 millionar liter, frå juli sist år. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 15,29 kroner. Dette svarar til ein prisvekst på 22 øre frå juli 2013 og er ein prisauke på 32 øre frå juni til juli.

Meir parafinprodukt selt

Det vart selt 113 millionar liter parafinprodukt i juli. Av dette var 110 millionar liter jetparafin og 3 millionar liter fyringsparafin. Salet av jetparafin auka med om lag 3 millionar liter frå juli 2013, medan salet av fyringsparafin auka med om lag ein halv million liter.

Redusert sal av mellomdestilllat

Salet av mellomdestillat enda på 162 millionar liter. Dette inneber ein reduksjon på 2,4 prosent. Av dette var om lag 14 millionar liter lett fyringsolje, der salet vart redusert med 8 millionar liter. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 11,23 kroner. Dette er ein oppgang på 1,24 kroner frå juli 2013 og 21 øre meir enn i juni i år. Samanlikna med juli 2013 auka salet av marine gassoljer marginalt med 0,2 prosent og enda på om lag 136 millionar liter.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB