148667
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
148667
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2014-06-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I mai i år ble det totale salget av petroleumsprodukter redusert med 10,5 prosent.

Sal av petroleumsproduktmai 2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 690 millionar liter i mai i år. Dette er ein reduksjon på 10,5 prosent, eller 81 millionar liter, samanlikna med mai i 2013.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Mai 2014Mai 2013Endring i prosent
Mai 2013 - Mai 2014
Samla sal av petroleumsprodukt690771-10,5
Bilbensin111117-5,1
Bilbensin, pris15,014,53,4
Autodiesel3143111,0
Autodiesel, pris13,212,92,4

I mai i år auka salet av diesel med 1 prosent og enda på 314 millionar selte liter, om lag 3 millionar liter meir enn i mai 2013.

Gjennomsnittsprisen på ein liter autodiesel var 13,18 kroner, som er ein auke på 32 øre frå mai 2013. Frå april til mai i år auka gjennomsnittsprisen med 19 øre.

Salet av diesel utgjorde nesten 46 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet av bilbensin enda på 111 millionar liter, ein reduksjon på 5,1 prosent, eller om lag 6 millionar liter frå mai 2013. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 15,03 kroner. Dette svarar til ein auke på 50 øre frå mai i fjor og ein auke på 34 øre frå april til mai.

Andre petroleumsprodukt

Salet av dei andre petroleumsprodukta vart også redusert. Salet av mellomdestillat enda på 156 millionar liter, ein reduksjon på litt over 17 prosent. Av dette var 3,6 millionar liter lett fyringsolje, der salet auka med 2 millionar liter frå mai 2013. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 10,94 kroner. Dette er ein auke på 1,60 kroner frå mai 2013, og ein reduksjon på 0,9 øre frå april i år.

Salet av marine gassoljer vart redusert med om lag 25 millionar liter, og enda på 130 millionar liter.

Salet av tungoljer vart redusert med 4,4 millionar liter, og utgjorde 19 millionar selde liter. Salet av parafinprodukt var 35 millionar liter lågare enn i mai 2013, og kom på 58 millionar liter i mai i år. Parafinprodukta består av jetparafin og fyringsparafin.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB