148665
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
148665
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2014-05-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I april i år ble det totale salget av petroleumsprodukter redusert med 11,2 prosent.

Sal av petroleumsproduktapril 2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 657 millionar liter i april i år. Dette er ein reduksjon på 11,2 prosent, eller 83 millionar liter, samanlikna med april i 2013.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
April 2014April 2013Endring i prosent
April 2013 - April 2014
Samla sal av petroleumsprodukt657740-11,2
Bilbensin102106-3,8
Bilbensin, pris14,714,51,2
Autodiesel289305-5,2
Autodiesel, pris13,012,72,1

Ein medverkande årsak til det reduserte salet i april i år kan vere at påska i fjor var i mars (2. påskedag unnateken), medan ho i år var i april. Dermed var det to fleire verkedagar i april 2013 enn i april i år.

I april i år vart salet av både diesel og bensin redusert samanlikna med april 2013. Salet av diesel gjekk ned med 5,2 prosent, eller 16 millionar liter, og utgjorde 289 millionar liter. Salet av bensin enda på 102 millionar liter, som svarar til ein reduksjon på 3,8 prosent, eller 4 millionar liter.

Salet av diesel og bensin stod for nesten 60 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Gjennomsnittsprisen på ein liter autodiesel var 12,99 kroner, som er ein auke på 27 øre frå april 2013. Frå mars til april i år fall derimot gjennomsnittsprisen med 22 øre. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,69 kroner. Dette svarar til ein auke på 18 øre frå april 2013, men ein reduksjon på 2 øre frå mars til april.

Salet av dei andre petroleumsprodukta vart også redusert. Det vart selt 156 millionar liter mellomdestillat, som inneber ein reduksjon på litt over 21 prosent. Mellomdestillat består av blant anna marine gassoljer og lette fyringsoljer. Det vart selt 15 millionar liter lett fyringsolje i april. Dette er ein kraftig reduksjon på heile 23 millionar liter frå den same månaden sist år. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 11,04 kroner i april. Dette er ein auke på 1,49 kroner frå april 2013 og ein oppgang på 1 øre frå mars i år. Salet av marine gassoljer vart redusert med 23 millionar liter til 131 millionar liter.

Salet av tungoljer vart halvert og kom på 10 millionar selte liter. Parafinprodukt består av jetparafin og fyringsparafin, salet vart redusert med 4,4 prosent frå april 2013 og utgjorde 86 millionar liter i april i år.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB