148675
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
148675
Redusert sal i mars
statistikk
2014-04-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmars 2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal i mars

Det totale salet av petroleumsprodukt i mars 2014 enda på 677 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 15 millionar liter samanlikna med mars 2013 og svarar til ein nedgang på 2,2 prosent.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Mars 2014Mars 2013Endring i prosent
Mars 2013 - Mars 2014
Samla sal av petroleumsprodukt677692-2,2
Bilbensin100107-6,5
Bilbensin, pris14,714,70,4
Autodiesel2982864,2
Autodiesel, pris13,213,10,9

I mars i år var salet av autodiesel nesten tre gongar høgare enn salet av bilbensin. Det vart selt 298 millionar liter autodiesel og 100 millionar liter bilbensin. Salet av autodiesel auka med 4,2 prosent, eller 12 millionar liter, frå mars i fjor. Salet av bilbensin vart redusert med 6,5 prosent, eller 7 millionar liter, i den same perioden.

Salet av autodiesel og bilbensin stod for nesten 59 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i mars.

Gjennomsnittsprisen på ein liter bilbensin var 14,65 kroner, 6 øre mindre enn i mars 2013. Frå februar til mars i år fall gjennomsnittsprisen med 13 øre. Marsprisen på ein liter autodiesel var i gjennomsnitt 13,20 kroner. Dette svarar til ein auke på 13 øre frå mars 2013, men ein reduksjon på 23 øre sidan februar i år.

Auka sal av parafinprodukt

Salet av parafinprodukt i mars enda på 93 millionar liter. Av dette var 88 millionar liter jetparafin og 5 millionar liter fyringsparafin. Salet av jetparafin auka med 6 millionar liter og fyringsparafin med om lag 2 millionar liter frå mars sist år.

I den same perioden vart salet av fyringsolje redusert. Det vart selt rett under 26 millionar liter, om lag 6 millionar liter mindre enn i mars sist år. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 11,03 kroner. Dette er ein oppgang på 1,22 kroner frå mars 2013, men ein reduksjon på 27 øre frå februar 2014.

I mars i år var det 20 leveringsdagar, i mars 2013 var det 19.

Autodieselsal: 860 millionar liter i 1. kvartal

Samla sal av petroleumsprodukt i 1. kvartal i år enda på rett under 2 milliardar liter. Dette er ein nedgang på 138 millionar liter, eller 6,6 prosent frå 1. kvartal 2013.

Salet av både autodiesel og bilbensin vart redusert i 1. kvartal. Salet av autodiesel enda på om lag 860 millionar liter. Dette inneber ein nedgang på 16 millionar liter, eller 1,8 prosent. Bilbensinsalet enda på 279 millionar liter, som er 24 millionar liter, eller 8 prosent, mindre enn i 1. kvartal 2013.

Viss ein ser på salet av fyringsparafin og lett fyringsolje samla, vart det selt rett under 97 millionar liter i 1. kvartal i år. Dette er 34 millionar liter mindre enn i same kvartalet sist år. Reduksjonen i salet kan sjåast i samanheng med den milde vinteren 2013/2014.

Tal for sal av smøremiddel og LPG vert ikkje publiserte kvar månadÅpne og lesLukk

Frå og med januar 2014 vil tal for sal av smøremiddel og LPG ikkje lenger verte publiserte kvar månad. Tal for årleg sal vert å finne i statistikken for årleg sal av petroleumsprodukt, som vart publisert 31. mars 2014. I denne artikkelen vert det referert til tal frå 2013, her er heller ikkje smøremiddel eller LPG med.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB