148673
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
148673
Redusert sal i februar
statistikk
2014-03-18T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktfebruar 2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal i februar

Det totale salet av petroleumsprodukt i februar 2014 enda på 627 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 47 millionar liter samanlikna med februar 2013 og svarar til ein nedgang på 7 prosent.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Februar 2014Februar 2013Endring i prosent
Februar 2013 - Februar 2014
Samla sal av petroleumsprodukt627674-7,0
Bilbensin8695-9,5
Bilbensin, pris14,814,71,3
Autodiesel274282-2,8
Autodiesel, pris13,413,21,7

I februar i år vart salet av både autodiesel og bilbensin redusert i høve til februar 2013. Salet av autodiesel gjekk ned med 2,8 prosent, eller 8 millionar liter, og enda på 274 millionar liter. Salet av bilbensin utgjorde 86 millionar liter, ein reduksjon på 9,5 prosent, eller 9 millionar liter.

Salet av autodiesel og bilbensin stod for litt over 57 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i februar.

Gjennomsnittsprisen på ein liter autodiesel var 13,43 kroner, som er ein auke på 23 øre frå februar 2013. Frå januar til februar i år sank gjennomsnittsprisen med 6 øre. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,84 kroner. Dette svarar til ein auke på 19 øre frå februar 2013, men samstundes ein reduksjon på 7 øre frå januar til februar i år.

Salet av jetdrivstoff kom opp i 93 millionar liter i februar. Salet av fyringsparafin vart redusert med 3 millionar liter og summerte seg til 2,7 millionar selte liter. Salet av fyringsolje vart også redusert. Det vart selt 22 millionar liter i februar, 14 millionar liter mindre enn i same månaden sist år. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 11,29 kroner i februar. Dette er ein auke på 1,23 kroner frå februar 2013 og ein oppgang på 7 øre frå januar 2014.

I februar var det 20 leveringsdagar, medan det i februar 2013 berre var 19.

Tal for sal av smøremiddel og LPG blir ikkje publiserte kvar månadÅpne og lesLukk

Frå og med januar 2014 vil tal for sal av smøremiddel og LPG ikkje lenger bli publiserte kvar månad. Tal for årleg sal blir å finne i statistikken for årleg sal av petroleumsprodukt, som blir publisert 31. mars.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB