148663
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
148663
Redusert sal i januar
statistikk
2014-02-19T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjanuar 2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal i januar

Det totale salet av petroleumsprodukt i januar 2014 enda på 650 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 76 millionar liter samanlikna med januar 2013, og svarar til ein reduksjon på heile 10,5 prosent.

Sal og prisar på petroleumsprodukt, millionsr liter og kroner. Førebelse tal
Januar 2014Januar 2013Endring i prosent
Januar 2013 - Januar 2014
Samla sal av petroleumsprodukt650726-10,5
Bilbensin93101-7,9
Bilbensin, pris14,914,43,5
Autodiesel288309-6,8
Autodiesel, pris13,513,03,5

Salet av dei fleste petroleumsprodukta vart redusert, om ein samanliknar tal frå januar i år med tal frå januar 2013. Unntaka er salet av avgiftspliktig autodiesel og jetparafin.

Salet av avgiftspliktig autodiesel auka med 2,6 millionar liter. Samstundes vart salet av avgiftsfri diesel redusert med om lag 23 millionar liter. Slår ein saman salet av diesel, enda det på 288 millionar liter, ein reduksjon på 6,8 prosent samanlikna med januar sist år.

Salet av jetdrivstoff auka med 10,2 millionar liter, og enda på 88,6 millionar liter i januar i år. Salet av fyringsparafin vart redusert med 2 millionar liter, og enda på 4,2 millionar selte liter. Salet av fyringsolje vart også redusert med 10 millionar liter. Det enda på 36,5 millionar liter.

Salet av bilbensin enda på 93 millionar liter i januar i år. Dette er ein reduksjon på 7,8 millionar liter og svarar til ein reduksjon 7,9 prosent. Salet av mellomdestillat og tungolje vart redusert med høvesvis 23,8 og 27,3 prosent.

Auke i prisane på drivstoff og fyringsparafin

Gjennomsnittsprisen på ein liter autodiesel var 13,49 kroner i januar, som er ein auke på 19 øre frå januar 2013. Frå desember 2013 til januar i år auka gjennomsnittsprisen med 15 øre. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,91 kroner. Dette svarar til ein auke på 50 øre frå januar 2013 og ein auke på 23 øre frå desember 2013 til januar 2014. Ein liter fyringsparafin kosta i gjennomsnitt 11,22 kroner, 1,35 kroner meir enn i januar 2013 og 89 øre meir enn i desember 2013.

I januar var det 22 leveringsdagar, det same som i januar 2013.

 

Tal for sal av smørjemiddel og LPG blir ikkje publisert kvar månadÅpne og lesLukk

Frå og med januar 2014 vil tal for sal av smørjemiddel og LPG lenger ikkje bli publiserte kvar månad. Tal for årleg sal blir å finne i statistikken for årleg sal av petroleumsprodukt, som blir publisert 31. mars. I denne artikkelen refererer vi til tal frå 2013, her er heller ikkje smørjemiddel eller LPG med.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB