92785
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
92785
Redusert sal i desember
statistikk
2014-01-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktdesember 2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal i desember

Det totale salet av petroleumsprodukt i desember 2013 enda på 720 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 10 millionar liter samanlikna med desember 2012 og svarar til ein reduksjon på 1,4 prosent.

Sal og prisar på petroleumsprodukt, millionsr liter og kroner. Førebelse tal
Desember 2013Desember 2012Endring i prosent
Desember 2012 - Desember 2013
Samla sal av petroleumsprodukt720730-1,4
Bilbensin99103-3,9
Bilbensin, pris14,714,23,3
Autodiesel3133062,3
Autodiesel, pris13,312,93,4

Salet av bilbensin enda på 99 millionar liter i desember 2013. Dette er ein reduksjon på 3,9 prosent frå desember 2012 og svarar til ein reduksjon 4,7 millionar liter. Salet av mellomdestillat og tungolje vart redusert med 2,7 prosent. For parafinprodukt vart salet redusert med 2,4 prosent. Parafinprodukt består av jetdrivstoff og fyringsparafin, der jetparafin utgjør 95 prosent av salet. Salet av tungolje og smøremiddel vart redusert med høvesvis 28,6 og 20 prosent frå desember 2012. For andre produkt var det ingen endring frå desember 2013 samanlikna med desember 2012.

Til tross for at salet av dei fleste petroleumsprodukta vart redusert, auka salet av autodiesel. Det totale salet enda på 313 millionar liter, ein auke på 2,3 prosent og 7,6 millionar liter meir enn i desember 2012. Salet av bilbensin og autodiesel utgjorde omlag 57 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i desember 2013.

Auke i prisane på drivstoff

Gjennomsnittsprisen for ein liter autodiesel var 13,34 kroner i desember, ein auke på 45 øre frå desember 2012. Frå november til desember 2013 auka gjennomsnittsprisen med 5 øre. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,68 kroner. Dette tilsvarar ein auke på 46 øre frå desember 2012 og ein auke på 5 øre frå november til desember 2013.

I desember 2013 var det 20 leveringsdagar, medan det i desember 2012 var 19.

Redusert sal i 2013

Foreløpige tal for 2013 syner at det samla salet av petroleumprodukt enda på 9,35 milliardar liter i 2013. Dette er ein reduksjon på 189 millionar liter, eller 2 prosent, samanlikna med 2012.

Salet av bilbensin vart redusert med 6,2 prosent og enda på 1,3 milliardar liter. Salet av mellomdestillat og tungolje vart redusert med 7,6 prosent, eller 2,2 milliardar liter, i 2013.

Samstundes held auken i salet av autodiesel fram i 2013 og auka med 3,6 prosent. Det vart til saman selt 3,7 milliardar liter. Av parafinprodukt vart det selt 1,1 milliardar liter, ein auke på 7,8 prosent frå 2012.

Endelege tal for sal av petroleumsprodukt for 2013 publiseras 31. mars.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB