92783
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
92783
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2013-12-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktnovember 2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det totale salet av petroleumsprodukt i november i år enda på 746 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 52 millionar liter samanlikna med november i 2012 og tilsvarar ein nedgang på 6,5 prosent.

Salg og priser på petroleumsprodukt, millioner liter og kroner
November 2013November 2012Endring i prosent
November 2012 - November 2013
Samla sal av petroleumsprodukt746798-6,5
Bilbensin95107-11,2
Bilbensin, pris14,614,32,2
Autodiesel3213113,2
Autodiesel, pris13,313,02,1

Salet av bilbensin vart redusert med 12 millionar liter frå november i år samanlikna med november 2012 og enda på 95 millionar liter. Salet av mellomdestillat og tungolje vart redusert med 34 millionar liter.

Trass i at salet av dei fleste petroleumsprodukta vart redusert, auka salet av autodiesel. Det totale salet enda på 321 millionar liter, 10 millionar liter meir enn i november sist år. Salet av bilbensin og autodiesel utgjorde om lag 52 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i november.

Salet av parafinprodukt hadde ein liten auke på om lag 2 millionar liter.

Gjennomsnittsprisen på ein liter autodiesel var 13,29 kroner, som er ein auke på 27 øre frå november 2012. Men frå oktober til november i år vart gjennomsnittsprisen redusert med 15 øre. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,63 kroner. Dette tilsvarar ein auke på 31 øre frå november 2012, men ein reduksjon på 18 øre frå oktober i år.

I november i år var det 21 leveringsdagar, i november 2012 var det 22.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB