92781
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
92781
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2013-11-22T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktoktober 2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det totale salet av petroleumsprodukt i oktober i år enda på 809 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 60 millionar liter samanlikna med oktober 2012, og svarar til ein reduksjon på 6,9 prosent.

Salg og priser på petroleumsprodukt, millioner liter og kroner
Oktober 2013Oktober 2012Endring i prosent
Oktober 2012 - Oktober 2013
Samla sal av petroleumsprodukt809869-6,9
Bilbensin106115-7,8
Bilbensin, pris14,814,9-0,3
Autodiesel325331-1,8
Autodiesel, pris13,413,21,7

Det totale salet av autodiesel enda på 325 millionar liter i oktober 2013, ein reduksjon på 6 millionar liter samanlikna med oktober siste året. Samstundes vart salet på bilbensin redusert med 9 millionar liter og enda på 106 millionar liter. Salet av bilbensin og autodiesel utgjorde om lag 53 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i oktober.

Gjennomsnittsprisen på ein liter autodiesel var 13,44 kroner, ein auke på 23 øre frå oktober 2012. Frå september til oktober i år vart gjennomsnittsprisen redusert med 2 øre. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,81 kroner. Dette svarar til ein reduksjon på 4 øre frå oktober 2012, og ein reduksjon på 24 øre frå september i år.

I oktober i år var det 23 leveringsdagar, det same som i oktober 2012. Tala for ein av aktørane i marknaden er estimerte på grunn av manglande datagrunnlag.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB