92779
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
92779
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2013-10-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktseptember 2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det totale salet av petroleumsprodukt i september i år enda på 824 millionar liter. Det er ein liten reduksjon på 5 millionar liter samanlikna med september 2012, og svarar til ein nedgang på 0,8 prosent.

Salg og priser på petroleumsprodukt, millioner liter og kroner
September 2013September 2012Endring i prosent
September 2012 - September 2013
Samla sal av petroleumsprodukt824831-0,8
Bilbensin110114-3,5
Bilbensin, pris15,115,2-1,1
Autodiesel3173053,9
Autodiesel, pris13,513,30,9

Det totale salet av autodiesel enda på 317 millionar liter i september, 12 millionar liter meir enn i september sist år. Samstundes vart salet på bilbensin redusert med 4 millionar liter og enda på 110 millionar liter. Salet av bilbensin og autodiesel utgjorde nesten 52 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i september i år.

Gjennomsnittsprisen på ein liter bilbensin var 15,05 kroner, ein auke på 22 øre frå september 2012. Frå august til september i år vart gjennomsnittsprisen redusert med 2 øre. Ein liter autodiesel kosta i gjennomsnitt 13,46 kroner. Det svarar til ein auke på 32 øre frå september sist år, og er samstundes ein auke på 17 øre frå august i år.

Blant dei andre petroleumsprodukta var veksten høg for parafinprodukta, med ein oppgang på rett under 11 prosent. Årsaka er auka sal av jetparafin frå september sist år til september i år.

I september i år var det 21 leveringsdagar, i 2012 var det 20.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB