92775
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
92775
Auka prisar på drivstoff
statistikk
2013-08-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjuli 2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka prisar på drivstoff

Prisane på drivstoff auka med 4,3 og 3,6 prosent frå juli 2012 til juli 2013. Ein må tilbake til september 2012 for å finne førre gongen prisnivået var så høgt.

Salg og priser på petroleumsprodukt, millioner liter og kroner
Juli 2013Juli 2012Endring i prosent
Juli 2012 - Juli 2013
Samlet salg av petroleumsprodukt797801-0,5
Bilbensin131134-2,2
Bilbensin, pris15,114,63,6
Autodiesel3002874,5
Autodiesel, pris13,312,84,3

I juli i år kosta ein liter autodiesel i gjennomsnitt 13,31 kroner. Dette er ein auke på 55 øre, eller 4,3 prosent, frå juli 2012. Samanliknar ein gjennomsnittsprisane i juni og juli i år, auka prisane på autodiesel med 47 øre per liter i juli. Prisen på ein liter bilbensin var 15,07 kroner i juli, ein auke på 52 øre, eller 3,6 prosent per liter, frå juli sist år. Prisauken var på 46 øre frå juni til juli.

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 797 millionar liter i juli, ein liten reduksjon på 0,5 prosent frå juli 2012. Salet av bilbensin enda på 131 millionar liter, ein reduksjon på 2,2 prosent. Salet av autodiesel steig med 4,5 prosent, og salet enda på 300 millionar liter i juli i år. Til saman stod salet av bilbensin og autodiesel for 54 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

I juli i år var det 23 leveringsdagar, i 2012 var det 22.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB