92771
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
92771
Redusert sal i mai
statistikk
2013-06-18T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmai 2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal i mai

Salet av petroleumsprodukt vart redusert med 5,4 prosent frå mai 2012 til mai 2013, og enda på 799 millionar liter.

Salg og priser på petroleumsprodukt, millioner liter og kroner
Mai 2013Mai 2012Endring i prosent
Mai 2012 - Mai 2013
Samlet salg av petroleumsprodukt799845-5,4
Bilbensin117131-10,7
Bilbensin, pris14,514,9-2,3
Autodiesel311317-1,9
Autodiesel, pris12,913,2-2,7
Sal av petroleumsprodukt. Mai 2000-2013. Millionar liter

Salet av autodiesel vart redusert med 1,9 prosent og enda på 311 millionar selde liter i mai i år, om lag 6 millionar liter mindre enn i mai 2012. Samstundes har prisen på autodiesel vorte redusert med 2,7 prosent. I mai kosta ein liter i gjennomsnitt 12,87 kroner, medan den i mai 2012 kosta 13,23 kroner. Salet av autodiesel stod for 38,9 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Salet av bilbensin enda på 117 millionar liter i mai i år, ein reduksjon på 10,7 prosent, eller om lag 14 millionar liter. Prisen på bilbensin vart redusert med 2,3 prosent i denne perioden, frå 15,88 kroner i mai i fjor til 14,55 kroner i april i år.

Det var 19 verkedagar i mai i år, i mai 2012 var det 20.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB