92767
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
92767
Redusert sal i mars
statistikk
2013-04-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmars 2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal i mars

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 715 millionar liter i mars i år. Det er ein reduksjon på 9,4 prosent frå mars 2012.

Salg og priser på petroleumsprodukt, millioner liter og kroner
Mars 2013Mars 2012Endring i prosent
Mars 2012 - Mars 2013
Samlet salg av petroleumsprodukt715789-9,4
Bilbensin108111-2,7
Bilbensin, pris14,715,1-2,7
Autodiesel280284-1,4
Autodiesel, pris13,113,5-3,3
Sal av petroleumsprodukt. Mars 2000-2013. Millionar liter

Ein årsak til at det var lågare sal av petroleumsprodukt i mars i år enn i fjor, kan være at det, grunna plasseringa av påska, var tre verkedagar meir i mars 2012 enn i 2013.

Lågare sal av autodiesel og bilbensin

Autodiesel utgjorde 39 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i mars i år. Salet enda på om lag 280 millionar liter, av dette var 63 millionar liter sal av avgiftsfri diesel. Det totale salet vart redusert med 4 millionar liter.

Det ble selt 108 millionar liter bilbensin, ein reduksjon på 3 millionar liter, eller 2,7 prosent. I mars stod salet av bilbensin for litt under 15 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Reduksjon i prisane

Prisen på 95 oktan blyfri bilbensin vart redusert med 2,7 prosent frå mars 2012, og kosta i gjennomsnitt 14,65 kroner per liter i mars i år. Ein liter avgiftspliktig diesel kosta i gjennomsnitt 13,08 kroner, ein reduksjon på 3,3 prosent. For ein liter fyringsolje var reduksjonen på 5,6 prosent, og den kosta i gjennomsnitt 9,80 kroner i mars.

Talet på utkjøyringsdagar i marsÅpne og lesLukk

Det var 19 utkjøyringsdagar i mars i 2013, i mars 2012 var det 22.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB