92765
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
92765
Redusert sal i februar
statistikk
2013-03-18T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktfebruar 2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal i februar

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 702 millionar liter i februar i år. Det er ein reduksjon på 4,6 prosent, eller om lag 34 millionar liter, frå februar 2012.

Salg og priser på petroleumsprodukt, millioner liter og kroner
Februar 2013Februar 2012Endring i prosent
Februar 2012 - Februar 2013
Samlet salg av petroleumsprodukt702736-4,6
Bilbensin95105-9,5
Bilbensin, pris14,714,7-0,4
Autodiesel282284-0,7
Autodiesel, pris13,213,5-2,5

Totalt hadde salet av autodiesel og bensin ein reduksjon på 2,9 prosent, eller om lag 12 millionar liter, frå februar 2012 til februar 2013. Salet av bilbensin vart redusert med 10 millionar liter, medan salet av autodiesel vart redusert med 2 millionar liter. Salet av autodiesel stod for om lag 40 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, og salet av bilbensin stod for om lag 14 prosent.

Det vart selt 42 millionar liter lette fyringsoljer og fyringsparafin i februar 2013. Dette er ein reduksjon på om lag 4 millionar liter, eller 8,1 prosent, samanlikna med februar 2012

Liten reduksjon i prisane

Prisen på bilbensin 95 oktan blyfri vart redusert med 0,4 prosent frå februar 2012, og kosta i gjennomsnitt 14,65 kroner i februar i år. Ein liter avgiftspliktig diesel kosta i gjennomsnitt 13,20 kroner, ein reduksjon på 2,5 prosent. For ein liter fyringsolje var også reduksjonen på 2,5 prosent, og den kosta i gjennomsnitt 10,06 kroner i februar.

Stabilt sal av jetdrivstoff og marine gassoljer

Salet av marine gassoljer stod for om lag 21 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, med 145 millionar liter, i februar 2013. Dette er ein liten reduksjon på 0,4 liter. Det vart selt 71 millionar liter jetdrivstoff, ein reduksjon på 0,5 prosent.

UtkøyringsdagarÅpne og lesLukk

Det var 20 utkøyringsdagar i februar i 2013, i februar 2012 var det 21.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB