92763
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
92763
Auke i sal av fyringsprodukt og diesel
statistikk
2013-02-19T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjanuar 2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i sal av fyringsprodukt og diesel

I januar 2013 enda det totale salet av petroleumsprodukt på 782 millionar liter. Det er ein auke på 6 prosent samanlikna med januar 2012. Salet av fyringsprodukt auka med om lag 31 prosent, medan salet av diesel auka med om lag 8 prosent.

Salg og priser på petroleumsprodukt, millioner liter og kroner
Januar 2013Januar 2012Endring i prosent
Januar 2012 - Januar 2013
Tallene for pris for bilbensin og autodisel ble rettet 18. mars 2013 kl 13:10
Samlet salg av petroleumsprodukt7827386,0
Bilbensin101108-6,5
Bilbensin, pris14,414,40,3
Autodiesel3092867,8
Autodiesel, pris13,013,5-3,3

Samla vart det selt om lag 55 millionar liter lette fyringsoljer og fyringsparafin i januar. Det er ein auke på 13 millionar liter, eller 33,1 prosent, samanlikna med januar 2012. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 9,87 kroner, noko som gir ein reduksjon på 5,5 prosent.

Meir diesel, mindre bensin

Salet av autodiesel stod for 39,5 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i januar, og enda på om lag 309 millionar liter. Frå året før er det ein auke på 7,8 prosent, eller 22 millionar liter. Samstundes vart salet av bilbensin redusert med 7 prosent og enda på 101 millionar liter, 7,2 millionar liter mindre enn i januar 2012. Salet av bilbensin stod for 13 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, auka salet med 3,8 prosent eller 15 millionar liter. Ein liter 95 oktan blyfri bensin kosta 14,41 kroner. Det gir ein auke på 5 øre frå januar 2012. Avgiftspliktig diesel kosta i gjennomsnitt 13,03 kroner for kvar liter, ein reduksjon på 44 øre.

Reduksjon i salet av marine gassoljer

Salet av marine gassoljer utgjorde 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i januar og enda på 149 millionar liter. Det er ein reduksjon på 4,5 prosent. Det vart selt om lag 78 millionar liter jetdrivstoff, ein auke på 6,2 prosent.

UtkøyringsdagarÅpne og lesLukk

Det var 22 utkøyringsdagar i januar i 2013, det same som i januar 2012.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB