204515_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/aar
204515
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2015-03-25T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på næringer og fylke årlig. I 2014 ble det solgt 8,9 milliarder liter petroleumsprodukter.

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff2014, endelege tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

I 2014 enda det samla innanlandske salet av petroleumsprodukt på om lag 8,9 milliardar liter. Dette svarar til ein reduksjon på 5 prosent eller 464 millionar liter frå 2013. Salet av dei fleste petroleumsprodukta vart redusert, blant unntaka var salet av diesel og jetparafin.

Årleg sal av petroleumsprodukt, 1000 liter
Produkt2014Endring frå sist år2013201220112010
1Andre produkt: Kondensert petroleumsgass (LPG), kondensert naturgass (NGL), flybensin og bitumen/veiolje, asfalt
Samla sal9 066 901-49 400 0589 675 3659 707 4359 934 145
Bilbensin1 245 866-4,71 307 2551 394 8011 489 1931 628 771
Autodisel avgiftspliktig2 882 2913,12 796 7942 729 6952 621 6272 523 793
Autodiesel avgiftsfri858 561-6,7920 622865 735840 680824 067
Marine gassolje1 512 576-13,31 745 4121 897 3851 856 1791 793 778
Lett fyringsolje247 282-27,8342 305356 894421 189551 780
Fyringsparafin41 023-26,355 65547 02361 94280 747
Jetparafin1 135 5532,11 112 5611 059 556974 460969 039
Tungdestillat og tungolje323 947-18,4397 034422 944508 574548 600
Smøremiddel58 918-17,070 95167 84070 08263 201
Andre1760 88416,8651 469833 492863 509950 369
Figur 1. Sal av petroleumsprodukt 2011-2014. Endelige tal

Salet av diesel utgjorde 42 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2014 og enda på 3,7 milliardar liter. Dette er ein liten auke på 0,6 prosent frå 2013. Litt under ein fjerdedel av all diesel som vart selt var avgiftsfri. I perioden 2010 til 2013 auka salet av diesel med godt over 100 millionar liter årleg. Frå 2013 til 2014 ser det ut til at denne utviklinga har bremsa opp. Auken var berre på 23 millionar liter.

Samstundes har andelen ny-registrerte bilar med dieselmotor blitt redusert dei tre siste åra syner tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikken. I 2012 og 2013 var den på høves vis 64,3 og 52,8 prosent, medan i 2014 var den gått ned til 48,8 prosent. Det er også interessant å merka seg at andelen hybrid- og elbilar aukar. I 2014 kosta ein liter diesel i gjennomsnitt 13,16 kroner. Dette er 5 øre mindre enn gjennomsnittsprisen i 2013 syner tal frå månadleg sal av petroleumsprodukt frå Statistisk sentralbyrå.

Mindre bensin

I 2014 stod salet av bensin for om lag 14 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt og enda på litt over 1,2 milliardar liter. Dette svarar til ein reduksjon på 61 millionar liter eller 4,7 prosent frå 2013. Dei fem siste åra har det vært en jamn reduksjon i bensinsalet frå år til år. Prisen på ein liter 95 oktan blyfri bensin auka med 5 øre frå 2013, og gjennomsnittsprisen var på 14,78 kroner per liter i 2014.

Ser ein på salet av diesel og bensin samla, vart salet redusert med 0,8 prosent eller 36 millionar liter. Samla stod dei to drivstoffa for om lag 56 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2014.

Biodrivstoff held seg stabilt

Bensin og avgiftspliktig diesel blir tilsett biodrivstoff. Samla var salet av dei to produkta på 4,1 milliardar liter. 173 millionar liter av dette var biodrivstoff. Dette ga ein samla innblanding av biodrivstoff på 4,2 prosent i 2014 syner oppgåver innhenta om salet av biodrivstoff. Andelen biodrivstoff har vært på dette nivået dei siste tre åra. Ser ein bensin og diesel kvar for seg, var bioandelen for diesel på 5,3 prosent og for bensin 1,6 prosent.

23 millionar liter meir jetparafin

Salet av jetparafin har hatt ein jamn auke dei siste åra. Det vart selt om lag 1,1 milliardar liter jetparafin i 2014. Dette er ein auke på 23 millionar liter eller 2,1 prosent frå 2013. Sal av jetparafin stod for litt under 13 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Tal frå Avinor syner ein auke i flytrafikken på 2,2 prosent frå 2013 til 2014.

Fyringsolje og fyringsparafin kraftig redusert

Salet av lett fyringsolje enda på om lag 247 millionar liter i 2014, ein reduksjon på 95 millionar liter samanlikna med året før. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 11 kroner i 2014, som er 1,14 kroner meir en gjennomsnittsprisen året før. Salet av fyringsparafin er forholdsvis lågt. Det vart selt 41 millionar liter, som er ein reduksjon på 15 millionar liter. Ser ein på salet av fyringsprodukta samla, er salet meir enn halvert sidan 2010, og bare frå 2013 til 2014 gjekk salet av dei to produkta ned med 110 millionar liter til saman. Relativt milde vintrar, auka prisar på fyringsolje og auka merksemd kring alternative kjelder til bruk i oppvarming, kan ha bidrege til reduksjonen i salet av fyringsolje og fyringsparafin som har funne sted dei siste åra.

Mindre bruk av tungolje og tungdestillat

I 2009 vart det selt 617 millionar liter tungolje og tungdestillat. I 2014 var salet kraftig redusert og enda på 324 millionar liter. Frå 2013 til 2014 var reduksjonen på 73 millionar liter. Tungolje og tungdestillat vert nytta som drivstoff til skip, og det har vore politisk ynske om overgang til alternative og meir miljøvenlege type drivstoff. Internasjonale lovverk har blitt utarbeida, der føremålet er å redusera svovelinnholdet i drivstoff til skip.

Marine gassoljer stod for om lag 17 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, og det vart selt i 1,5 milliardar liter i 2014. Dette er 233 millionar liter mindre enn i 2013 og svarar til ein reduksjon på 13,3 prosent.