148768
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/aar
148768
Reduksjon i salet av petroleumsprodukt
statistikk
2014-03-31T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt2013, endelege tal

Tekst, tabeller og figur ble rettet 8. april 2014.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Reduksjon i salet av petroleumsprodukt

I 2013 enda det samla innanlandske salet av petroleumsprodukt på om lag 9,4 milliardar liter. Dette er ein nedgang på 3 prosent, eller 275 millionar liter, frå 2012. Salet av autodiesel, parafinprodukt og smøremiddel auka, medan salet av dei andre petroleumsprodukta vart redusert.

Årleg sal av petroleumsprodukt, 1000 liter
Produkt2013Endring frå sist år2012201120102009
1Andre produkt: Kondensert petroleumsgass (LPG), kondensert naturgass (NGL), flybensin og bitumen/veiolje, asfalt
Rettet 8. april 2014.
Samla sal9 400 058-39 675 3659 707 4359 934 1459 503 837
Bilbensin1 307 255-6,31 394 8011 489 1931 628 7711 725 424
Autodisel avgiftspliktig2 796 7942,52 729 6952 621 6272 523 7932 338 659
Autodiesel avgiftsfri920 6226,3865 735840 680824 067718 427
Marine gassolje1 745 412-8,01 897 3851 856 1791 793 7781 810 714
Lett fyringsolje342 305-4,1356 894421 189551 780460 430
Fyringsparafin55 65518,447 02361 94280 74768 856
Jetparafin1 112 5615,01 059 556974 460969 039887 390
Tungdestillat og tungolje397 034-6,1422 944508 574548 600617 043
Smøremiddel70 9514,667 84070 08263 20169 309
Andre1651 469-21,8833 492863 509950 369807 585
Figur 1. Sal av petroleumsprodukt. 2011-2013. Endelege tal

Autodiesel utgjorde 40 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2013, og salet kom opp i 3,7 milliardar liter. Av dette var om lag 921 millionar liter avgiftsfri diesel. Frå 2009 til 2012 har det samla salet av autodiesel auka med 538 millionar liter. Auken frå 2012 til 2013 var på 122 millionar liter, eller 3,4 prosent. Delen ny-registrerte bilar med dieselmotor er på veg ned, men dette har foreløpig ikkje resultert i nedgang i salet av autodiesel. I 2012 var 64,3 prosent av ny-registrete bilar utstyrte med dieselmotor syner tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikken, medan delen i 2013 vart redusert til 52,8 prosent. Same året kosta ein liter diesel i gjennomsnitt 13,16 kroner. Dette er 6 øre mindre enn i 2012 då prisen i gjennomsnitt var 13,22 kroner, syner tal frå månadleg sal av petroleumsprodukt frå Statistisk sentralbyrå.

Mindre bensin

I 2013 vart det selt om lag 1,3 milliardar liter bilbensin, som er ein reduksjon på 88 millionar liter, eller 6,3 prosent, frå 2012. Frå 2009 til 2012 vart salet redusert med 331 millionar liter, eller i gjennomsnitt 110 millionar liter per år. I 2013 stod salet av bilbensin for om lag 14 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Prisen på ein liter 95 oktan blyfri bensin vart redusert med 3 øre frå 2012 til 2013 då han kosta 14,72 kroner per liter.

Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, auka salet med 0,7 prosent, eller 34 millionar liter, frå 2012 til 2013. Samla stod dei to drivstoffa for om lag 53 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2013.

Mindre lett fyringsolje, men meir fyringsparafin

Salet av lett fyringsolje har vorte redusert i løpet av dei siste åra og enda på om lag 342 millionar liter i 2013. For 2010, 2011 og 2012 var salet på høvesvis 552, 421 og 357 millionar liter. Relativt milde vintrar etter 2010 og aukamerksemd kring alternative kjelder til bruk i oppvarming kan ha bidrege til reduksjonen.

Salet av fyringsparafin er forholdsvis lågt. Salet har lege mellom 47 og 80 millionar liter dei fem siste åra. Salet av fyringsparafin vart redusert i perioden 2009-2012 for så å auka i 2013 då salet enda på litt under 56 millionar liter. Dette er ein auke på 8,6 millionar liter, eller 18,4 prosent frå 2012.

53 millionar liter meir jetparafin

Salet av jetparafin har hatt ein jamn auke dei fem siste åra. Det vart selt om lag 1,1 milliardar liter jetparafin i 2013. Dette er ein auke på 53 millionar liter, eller 5 prosent frå 2012. Sal av jetparafin stod i 2013 for 12 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Tal frå Avinor syner ein auke i flytrafikken på 2 prosent frå 2012 til 2013.

Marine gassoljer stod for om lag 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, og det vart selt i overkant av 1,7 milliardar liter i 2013. Dette er 152 millionar liter mindre enn i 2012 og svarar til ein reduksjon på 8 prosent.

Ein tredjedel mindre tungolje og tungdestillat sidan 2009

Tungolje vert nytta som drivstoff til skip, og det har vore politisk ynske om overgang til alternativt drivstoff til dette føremålet, som for eksempel flytande naturgass. I 2009 vart det selt 617 millionar liter tungolje og tungdestillat, i 2013 var salet redusert til om lag 397 millionar liter. Dette tyder ein reduksjon på 220 millionar liter, eller om lag 36 prosent, i løpet av dei fem siste åra.

Smøremiddel

Salet av smøremiddel utgjer ein liten del av det totale salet av petroleumsprodukt, om lag 0,8 prosent i 2013 då det vart selt litt under 71 millionar liter. Dette er ein auke på 3 millionar liter, eller 4,6 prosent, frå året før.

Reviderte tal for perioden 2009-2013Åpne og lesLukk

Tal for årleg sal av petroleumsprodukt har vorte reviderte sidan siste publiseringa. Dette betyr at sal per produkt, næring og fylke i årgangane frå 2009 til og med 2012 kan ha endra seg sidan siste publiseringa som var i april 2013.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB