92761
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/aar
92761
Liten reduksjon i salet av petroleumsprodukt
statistikk
2013-04-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt2012, endelege tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten reduksjon i salet av petroleumsprodukt

I 2012 enda det samla salet av petroleumsprodukt på om lag 9,6 milliardar liter. Dette er ein liten reduksjon på 0,6 prosent eller 55 millionar liter frå 2011.

Salg av petroleumsprodukter etter produkt, endelige tall (mill. liter)
2012Endring i prosent201120102009
2011 - 2012
Petroleumsprodukter i alt9 555-0,69 6109 8099 471
Bilbensin1 394-6,51 4911 6291 725
Autodiesel3 5994,03 4623 3453 057
Andre mellomdestillat2 396-0,72 4132 5252 431
Parafinprodukter1 0461,91 0271 050956
Tungolje293-17,5355368456
Smøremiddel63-14,9746871
Andre petroleumsprodukt765-3,0789825774
Sal av bensin, diesel, andre mellomdestillat, prarafinprodukt, tungolje, smørjemiddel og andre petroleumsprodukt. 2009-2012. Millionar liter

Dei fire siste åra har salet av petroleumsprodukt enda på rett under 10 milliardar liter kvart år. I 2010 kom salet opp på 9,8 milliardar liter, medan det enda på omkring 9,5 milliardar liter i 2009 og 2011.

Salet av bilbensin redusert

Autodiesel utgjorde 38 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2012. Salet enda på om lag 3,6 milliardar liter. Av dette var 866 millionar liter sal av avgiftsfri diesel. Frå 2009 til 2012 har det samla salet av autodiesel auka med 542 millionar liter, medan salet auka med 137 millionar liter eller 4 prosent frå 2011 til 2012.

Tal frå Opplysningsrådet for veitrafikken syner at 64,3 prosent av nyregistrerte bilar var utstyrt med dieselmotor i 2012. Dette er lågt samanlikna med dei tre tidlegare åra. For 2009 var denne delen på 72,7 prosent, medan delane var på høvevis 74,9 og 75,7 prosent i 2010 og 2011.

I 2012 vart det selt om lag 1,4 milliardar liter bilbensin, ein reduksjon på 97 millionar liter eller 6,5 prosent frå 2011. Frå 2009 til 2012 vart salet redusert med 331 millionar liter. I 2012 stod salet av bilbensin for litt under 15 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, auka salet med 0,8 prosent eller 40 millionar liter frå 2011 til 2012. Samla stod dei for 52,3 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2012.

Redusert sal av fyringsolje

Andre mellomdestillat består av marine gassoljer, lett fyringsolje og tungdestillat. Salet enda på 2,4 milliardar liter i 2012. Marine gassoljer utgjorde den største delen med 1,9 millionar liter, noko som tilsvara 20 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2012. Salet av marine gassoljer har halde seg stabilt dei siste fire åra.

Salet av lett fyringsolje har avteke dei siste åra og enda på 341 millionar liter i 2012. Salet var på høvesvis 461, 550 og 403 millionar liter i 2009, 2010 og 2011.

Auke i salet av jetdrivstoff

Parafinprodukt består av jetdrivstoff og fyringsparafin. Salet enda på 1 046 milliardar liter i 2012. Dette er ein liten auke på 1,9 prosent eller 19 millionar liter frå 2011. 43 millionar liter av dette var fyringsparafin. Salet av fyringsparafin har blitt redusert i løpet av dei fire siste åra, og i 2009 var salet på 68 millionar liter. I 2010 var salet på 81 millionar liter, medan det var 60 millionar liter i 2011.

I 2012 enda salet av jetdrivstoff på om lag 1 milliard liter og utgjorde 10,5 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I 2011 var salet 966 millionar liter, medan det var 969 millionar liter i 2010 og 887 millionar liter i 2009. Tal frå Avinor syner ein auke i flytrafikken i perioden 2009 til 2012

Kraftig reduksjon i salet av tungolje

Tungolje blir nytta som drivstoff til skip. Det har vore politisk fokus på overgangen til alternativt drivstoff, som blant anna flytande naturgass. I 2009 vart det selt 456 millionar liter tungolje, medan salet vart redusert til 293 millionar liter i 2012. Dette syner ein reduksjon på 163 millionar liter eller om lag 36 prosent i løpet av dei fire siste åra.

Salet av smørjemiddel enda på 63 millionar liter i 2012. Dette er ein reduksjon på 14,9 prosent frå året før. Andre petroleumsprodukt består av kondensert petroleums- og naturgass der salet var 322 millionar liter i 2012, bitumen enda på 441 millionar liter og flybensin på 2 millionar liter.

Årlege talÅpne og lesLukk

Det er innhenta endelege årlege tal frå oljeselskapa for denne publiseringa. SSB publiserer tal for sal av petroleumsprodukt kvar månad og i januar 2013 vart det publisert førebelse tal for sal av petroleumsprodukt 2012. Disse var ein sum av månadlege tal frå oljeselskapa og importtal.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB