33409_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/kbar/arkiv
33409
God stemning blant industrileiarane
statistikk
2007-01-29T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
kbar, Konjunkturbarometer for industri og bergverk, faktisk og forventet utvikling, produksjon, sysselsetting, ordretilgang, markedspriser, ressursknapphet, flaskehalser, kapasitetsutnytting, sammensatt konjunkturindikatorIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Konjunkturbarometer for industri og bergverk4. kvartal 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

God stemning blant industrileiarane

Svara frå industrileiarane for 4. kvartal vitnar om gode tider for norsk industri, og førebels ser det ikkje ut til at ressursvanskar legg ein merkbar dempar på stemninga.

Samansett konjunkturindikator for industri. 1. kv. 2000 - 4. kv. 2006

Konjunkturbarometeret for industrien syner auka produksjonsvolum og kapasitetsutnytting i 4. kvartal 2006. Sysselsetjinga held også fram med å vekse. Høg ordretilgang og stigande marknadsprisar heime og ute er drivkraft bak utviklinga. Indikatoren for ressursvanskar1 (sjå tabell 16 ) er no på eit svært høgt nivå historisk sett. Særleg utgjer mangel på kvalifisert arbeidskraft og mangel på råstoff og/eller kraft ei mykje større utfordring enn for eit år sidan. Ressurssituasjonen synast å vere spesielt vanskeleg for produsentar av byggjevarer (trelast- og trevareindustri, mineralproduktindustri). Talet på arbeidsmånader som er dekt av ordrebehaldninga er merkbart høgare enn i 4. kvartal 2005. Det same gjeld talet på føretak som melder om full kapasitetsutnytting. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting for industrien blir berekna til om lag 84 prosent.

Talet på industrileiarar som trur på betra tilhøve på kort sikt (1. kvartal 2007) er merkbart høgare enn i 3. kvartal, og stadig fleire føretak vurderer å justere opp gjeldande planar for nyinvesteringar (jamfør Kvartalsvis investeringsstatistikk ). Samansett konjunkturindikator for industrien2 blir berekna til 18 (sesongjustert nettotal) i 4. kvartal. Dette er eit svært høgt nivå historisk sett og eit klart signal om ytterlegare auke i samla produksjonsvolum i det komande kvartalet. For internasjonale samanlikningar av resultat for denne indikatoren, viser SSB til EUROSTAT (EU), Konjunkturinstitutet (Sverige) og Danmarks statistikk på Internett.

Høg innanlandsk ordretilgang på innsatsvarer

Produsentar av innsatsvarer (treforedling, kjemisk industri, metallindustri med fleire) melder om auke i produksjonsvolum og kapasitetsutnytting i 4. kvartal. Høg ordretilgang i heimemarknaden er drivkraft bak denne utviklinga. Talet på arbeidsmånader som er dekt av ordrebehaldninga er merkbart høgare enn på same tid i 2005, og fleire føretak melder om full kapasitetsutnytting. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting for dei aktuelle bransjane er no på om lag 86 prosent - eit høgt nivå historisk sett.

Talet på industrileiarar som melder at ressursvanskar verkar avgrensande for produksjonen er merkbart høgare enn i 2005, og problemet er aukande. Utviklinga er særleg tydeleg når det gjeld mangel på kvalifisert arbeidskraft og mangel på råstoff eller kraft. Dermed kan det verke som at eit høgt innanlandsk produksjonsvolum fører til ein auke i produksjonskostnadene for dei aktuelle bransjane (kostnadsdriven prisauke). I periodar med høg etterspurnad vil produsentane kunne overføre kostnadsauken på kundane i form av høgare marknadsprisar. Stor innanlandsk etterspurnad etter einskilde innsatsvarer som mellom anna byggjevarer fører også til auke i marknadsprisane (etterspurnadsdriven prisauke). Det faktum at kinesarane støvsugar verdsmarknaden etter innsatsvarer som til dømes metall forsterkar denne utviklinga.

Det generelle utsynet på kort sikt blir vurdert som positivt av svært mange industrileiarar. Forventningar om stigande marknadsprisar er nok ei vesentleg årsak til dette. Større investeringsvilje innanfor desse bransjane vil gi høgare produksjonskapasitet på noko lengre sikt. Behovet synast å vere størst innanfor produksjon av kjemiske produkt.

Høg aktivitet i verkstadnæringane

Produsentar av investeringsvarer (metallvarer, maskinvarer, plattformer og skipsverft med fleire) melder at produksjonsvolum og kapasitetsutnytting er høgare enn i 3. kvartal. Sysselsetjinga held også fram å stige. Høg ordretilgang i heime- og eksportmarknaden sørgjer for ytterlegare vekst i samla ordrebehaldning, medan mangel på ledig produksjonskapasitet pressar opp marknadsprisane.

Indikatoren for ressursvanskar syner eit svært høgt nivå historisk sett. Kapasitetsvanskar og mangel på kvalifisert arbeidskraft i dei aktuelle bransjane er årsaka til dette. Ein markert auke i talet på leiarar som rapporterer om mangel på råstoff og/eller kraft fører også til dette resultatet. Talet på arbeidsmånader som er dekt av ordrebehaldninga er merkbart høgare enn på same tid i 2005, og mange føretak melder om full kapasitetsutnytting. Gjennomsnittleg kapasitetsutnyttingsgrad for dei aktuelle bransjane blir berekna til heile 89 prosent.

Talet på leiarar som trur på ei ytterlegare betring på kort sikt er framleis svært høgt. Fulle ordrebøker og stigande marknadsprisar gjev grunnlag for ei slik haldning. Auka investeringsvilje hos føretaka vil kunne resultere i høgare produksjonskapasitet på noko lengre sikt, men slik situasjonen er no må delar av produksjonen skyvast ut i tid, eller setjast bort til føretak med ledig kapasitet.

Ventar betring i komande kvartal for konsumvarer

Nye data frå produsentar av konsumvarer (næringsmiddelindustri, forlagsverksemd, farmasøytisk industri med fleire) vitnar om noko betre tilhøve for desse bransjane. Auka etterspurnad i heime- og eksportmarknaden gjev grunnlag for eit høgare produksjonsvolum, medan marknadsprisane held fram med å stige. Gjennomsnittleg kapasitetsutnyttingsgrad blir berekna til 79 prosent i 4. kvartal og er dermed på same nivå som ved førre måling.

Talet på leiarar som vurderer det generelle utsynet på kort sikt som betre er merkbart høgare enn i 3. kvartal. Forventningar om høgare etterspurnad og ytterlegare betring i marknadsprisane er ei sannsynleg forklaring på dette.


1  Denne indikatoren oppsummerar svaralternativ frå spørsmål om faktorar som avgrensar produksjonen i inneverande kvartal som har å gjere med tilgang på ressursar, samt dei som har svart full kapasitetsutnytting. Ein nærmare forklaring av indikatoren er tilgjengeleg i Rapporter 2003/10 , s21.
2  Samansetninga til indikatoren samt kopling mot internasjonale samanlikningar er beskriven i eit eige avsnitt i pressemeldinga for 3. kvartal 2003 (sjå tidlegare publisert).

Vurdering av bransjar for 4. kvartal og utsiktene på kort sikt
 
BransjeUtsikterBakgrunn
 
Næringsmiddelindustri, drikkevarer og tobakk+Høgare produksjonsvolum og kapasitetsutnytting i 4. kvartal. Auke i etterspurnad frå heime- og eksportmarknaden. Om lag uendra sysselsetjing. Positiv prisutvikling. Det generelle utsynet for 1. kvartal er positivt, og det er venta auke i produksjon, prisar og etterspurnad.
Trevareindustri++Framleis positiv utvikling med auke i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Svært mange leiarar melder om auke i ordretilgang frå heimemarknaden og prisar. Kraftig auke i talet på leiarar som melder at kapasitetsvanskar og mangel på råstoff/kraft er avgrensande faktorar for produksjonen. Det generelle utsynet for 1. kvartal er vurdert som betre av svært mange leiarar, og den positive utviklinga i produksjonsvolumet, ordretilgang og prisar er venta å halde fram.
Treforedling+Auke i produksjon, kapasitetsutnytting og ordretilgang. Lågare sysselsetjing. Høgare prisar på heime- og eksportmarknaden. Det generelle utsynet for det komande kvartal blir vurdert som betre, og det er positive forventningar knytte til utviklinga i produksjon og prisar.
Kjemisk råvareindustri+Høgare produksjonsvolum og ordretilgang. Lågare sysselsetjing. Auka prisar. Mange leiarar vurderer det generelle utsynet for 1. kvartal som betre, og det er venta at auken i produksjonsvolum og prisar vil halde fram i det komande kvartal. Det er ein auke i talet på leiarar som vurderer å justere opp vedtekne planar for investeringar.
Metallindustrien, ikke-jernholdig++Auka produksjon, kapasitetsutnytting, sysselsetjing og ordretilgang. Høgare prisar. Det generelle utsynet for 1. kvartal er vurdert som betre og den positive utviklinga i produksjon, ordretilgang og prisar er venta å halde fram.
Verkstadindustrien, i alt++Samla sett viser verkstadindustrien auke i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Ordrebehaldninga har auka saman med prisane på heime- og eksportmarknaden. Mange leiarar melder at kapasitetsvanskar og mangel på kvalifisert arbeidskraft er avgrensande for produksjonen. Mange leiarar ser positivt på det generelle utsynet for 1. kvartal. Det er venta høgare produksjonsvolum, sysselsetjing og ordretilgang i det komande kvartal. Det er og venta auke i prisar.
Metallvarer++Auke i produksjon, kapasitetsutnytting, sysselsetjing og ordretilgang. Høgare prisar på heime- og eksportmarknaden. Auke i talet på leiarar som melder at mangel på kvalifisert arbeidskraft og mangel på råstoff/kraft er avgrensande faktorar for produksjonen. Det generelle utsynet for 1. kvartal blir vurdert som betre. Auka i produksjonsvolum, sysselsetjing og ordretilgang er venta å halde fram.
Maskinvarer++Mange leiarar melder framleis om høg aktivitet med auke i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Auke i ordretilgang frå heime- og eksportmarknaden og høgare prisar. Mangel på råstoff/kraft og kvalifisert arbeidskraft samt kapasitetsvanskar er avgrensande for produksjonen. Svært mange leiarar er positive til utviklinga for det komande kvartal, og det er venta auke i produksjon, sysselsetjing, ordretilgang og prisar i 1. kvartal.
Elektroteknisk og optisk industri++Høgare produksjonsvolum, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Auke i ordretilgang frå heime- og eksportmarknaden. Høgare prisar. Det generelle utsynet for 1. kvartal blir vurdert som betre, og det er venta at auken i produksjon, sysselsetjing, ordretilgang og prisar vil halde fram.
Offshore-relatert verksemd inkl. transportmiddelindustri++Framleis god utvikling med auke i produksjon, sysselsetjing, kapasitetsutnytting og ordretilgang. Høgare prisar. Mangel på kvalifisert arbeidskraft er avgrensande for produksjonen. Talet på arbeidsmånader som er dekte av ordrebehaldninga har auka. Mange leiarar vurderer det generelle utsynet som betre, og det er venta auke i produksjon, sysselsetjing, ordretilgang og prisar i 1. kvartal.
I kolonnen for Utsikter blir det gitt ei samla vurdering av nosituasjonen og venta utvikling på kort sikt ved bruk av + og - teikn. Fylgjende kodar/konstellasjonar blir nytta:++
+
²
-
--
-(+)
+/-
Meget god
God
På det jamne
Svak
Meget svak
Svak, men med einskilde positive teikn
Situasjon der + og - faktorar jamnar kvarandre ut