33469_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/kbar/arkiv
33469
Dempa aktivitet i industrien
statistikk
1999-08-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
kbar, Konjunkturbarometer for industri og bergverk, faktisk og forventet utvikling, produksjon, sysselsetting, ordretilgang, markedspriser, ressursknapphet, flaskehalser, kapasitetsutnytting, sammensatt konjunkturindikatorIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Konjunkturbarometer for industri og bergverk2. kvartal 1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Dempa aktivitet i industrien

Industriproduksjonen i 2. kvartal vart noko lågare enn i føregåande kvartal, viser sesongjusterte og glatta tal frå konjunkturbarometeret for 2. kvartal 1999. Aktiviteten er framleis stor i ein del bransjar, men for industrien under eitt er den likevel klart dempa jamført med fjoråret.

Dempa utvikling i produksjon, svakare etterspurnad og auka konkurranse på norsk marknad er blitt kvardagen for mange bedrifter. Leiarane ventar ingen betring i konjunkturutsiktene på kort sikt.

Industrileiarane vurderer produksjonen som noko lågare enn i 1. kvartal. Dette er svakare enn venta. Veksten er merkbart svakare enn på same tid i fjor. I investeringsvareproduserende bransjar (maskinindustri, plattformindustri med vidare) vart produksjonen merkbart lågare enn i føregåande kvartal.

Aktiviteten er framleis stor, truleg som eit resultat av større byggeprosjekt i ein avslutningsfase. Produksjonsutviklinga vil på sikt kunne bli svakare på grunn av svak etterspurnad retta mot ein del bedrifter i skipsverftsbransjen. For innsatsvareproduserende bransjar under eitt (inklusive tradisjonell eksportindustri) var utviklinga i produksjon og kapasitetsutnytting noko betre. Det er særskilt eksportretta bransjar som treforedling, kjemiske råvarer og ikke-jernholdige metaller som har hatt ei positiv utvikling. For industrien samla ventast det ingen vesentlege endringar i produksjonen i 3. kvartal.

Svak etterspurnad og auka konkurranse

Også ordretilgangen vurderast som noko svakare enn venta i 2. kvartal, mellom anna prega av ein auke i konkurransen på både heime- og eksportmarknadene. Etterspurnaden frå heimemarknaden vart merkbart lågare enn i 1. kvartal, særskilt for investeringsvareproduserende bransjar. Svak etterspurnad frå heimemarknaden synast å vere eit problem i mange bransjar. For 2. kvartal meldte 48 prosent av bedriftene om svak etterspurnad og/eller auka konkurranse på norsk marknad som dempande for produksjonen. På same tid i fjor meldte 35 prosent av bedriftene om slike problem. I 3. kvartal ventar om lag annankvar bedrift å stå overfor slike problem. Utviklinga i eksportmarknaden verkar noko betre, men også her er veksten svak og til dels negativ for mange bransjar.

Eit relativt høgt nivå på produksjonen har også medvirka til at samla ordrereserve i industrien er gått ned. Berre 3 prosent av bedriftene hadde i 2. kvartal ordrereservar for meir enn 12 månader (normalt er 6-8 prosent), medan 40 prosent av bedriftene hadde ordrereservar for mindre enn 1 månad (normalt er 32-36 prosent). Ein større del av bedriftene enn vanleg melder også om at samla ordrereserve frå eksport er lågare enn normalt. Det ventast ingen vesentlege endringar i ordretilgang og reservar i 3. kvartal.

Kapasitetsutnytting og presstendensar

Industrien sin kapasitetsutnytting var i 2. kvartal på vel 80 prosent jamført med 81 prosent i føregåande kvartal og om lag 83 prosent på same tid i fjor. Kapasitetsutnyttinga har gjennom dei siste åra gått merkbart ned og er no på 1992-1993 nivå. Det er i innsatsvareproduserende bransjar nedgangen har vore sterkast.

Den svake utviklinga i etterspurnaden saman med auka konkurranse frå import har i dei siste kvartala verka til å dempe presstendensane. For 2. kvartal rapporterte 6 prosent av bedriftene at dei har problem med kapasiteten jamført med 7 prosent i føregåande kvartal og 12 prosent på same tid i fjor. Andelen som oppgir mangel på arbeidskraft som dempande faktor for produksjonen var i 2. kvartal på 5 prosent etter å ha vore forholdsvis stabil rundt 10 prosent i 1998. For einskilde bransjar er mangel på arbeidskraft framleis eit problem.

Vurdering av bransjar for 2. kvartal og utsiktene på kort sikt
Bransje Utsikter Bakgrunn
Trevareindustrien +/- Ei betring i aktivitetsnivå gjennom 2. kvartal - frå eit lågt utgangspunkt; svake prisar; kvart anna foretak slit med låg etterspurnad og konkurranse i norsk marknad. Ventar betring i 3. kvartal.
Treforedling + Optimisme i bransjen; høg aktivitet; positive tendensar i etterspurnaden samstundes som svak etterspurnad er eit merkbart problem for mange bedrifter. Ventar auka etterspurnad frå eksport i 3. kvartal, og noko betre prisar.
Kjemisk råvareindustri + Svakare produksjonsutvikling enn venta; høg aktivitet, men noko lågare kapasitetsutnytting; auka etter-spurnad og betre reservar på eksport; svake prisar. Positiv vurdering av utsiktene for 3. kvartal; ventar auka produksjon og etterspurnad frå eksport, men svakare prisar.
Metallindustrien, ikke-jernholdig +/- Høg aktivitet og auka kapasitetsutnytting; auka etter-spurnad frå eksport; betre, men framleis låge prisar. Forventningar om fortsett vekst i produksjon og prisar har verka inn på vurderinga av utsiktene for 3. kvartal. Ventar pris- og produksjonsvekst på 12 månaders sikt.
Verkstadindustrien, i alt -(+)  
* Metallvarer - Svak produksjonsutvikling og lågare kapasitets-utnytting; låg etterspurnad frå heimemarknaden; 3 av 4 bedrifter har problem med etterspurnad og/eller konkurranse; fortsett svake prisar. Utsiktene på kort sikt er usikre.
* Maskinindustrien -(-) Lågare aktivitet enn på lenge; svak produksjonsutvikling og redusert kapasitets-utnytting; låg etterspurnad og ordrereserver; seks av ti bedrifter har problem med etter-spurnaden. Utsiktene for 3. kvartal og på 12 månaders sikt vurderast som usikre.
* Elektroteknisk og optisk industri + Eit godt kvartal for bransjen; vekst i produksjon og auka kapasitetsutnytting; noko betre etterspurnad frå heime-marknaden og betring i ordre-reserven, men merkar auka konkurranse i marknadene. Ventar ingen endringar i produksjon og etterspurnad på kort sikt.
* Offshore-relatert verksemd inkl. transportmiddel - Små endringar i produksjon; framleis svak etterspurnad og dårlegare prisar; sju av ti bedrifter har problem med etterspurnad og/eller konkurranse - hovudsakleg på heimemarknaden. Bransjen ser ingen betring i utsiktene for 3. kvartal og heller ikkje betring på 12 månaders sikt.
Frigitt 5. august 1999 (C) Statistisk sentralbyrå