Kraftig fall i industriproduksjonen

Publisert:

Norsk industriproduksjon gjekk ned heile 3 prosent frå februar til mars 2020, viser sesongjusterte tal. Aktiviteten blei prega av tiltak for å avgrense spreiinga av koronaviruset i Noreg i andre halvdel av mars. Dette ga ein nedgang på 1 prosent i 1. kvartal 2020 samanlikna med føregåande kvartal.

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 118,1 (2005=100) i 1. kvartal 2020 mot 119,3 i føregåande kvartal. Den langsiktige trenden viser at industriproduksjonen flata ut gjennom andre halvdel av 2019. Grunna behandlinga av mars som ein ekstremverdi er ikkje trendutviklinga etter dette representativ for faktisk utvikling. Trenden har difor blitt tatt ut frå figur 1 for dei seinaste månadene. For meir informasjon, sjå informasjonsboksen om koronaviruset i slutten av artikkelen.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal. 2005=100

Glatta sesongjusterte Sesongjusterte
Jan. 2015 123.7 122.4
Feb. 2015 122.7 122.6
Mars 2015 121.8 126.8
April 2015 120.9 121.4
Mai 2015 120.2 119.0
Juni 2015 119.5 120.1
Juli 2015 118.9 115.2
Aug. 2015 118.2 118.1
Sep. 2015 117.6 118.8
Okt. 2015 116.9 115.8
Nov. 2015 116.3 116.8
Des. 2015 115.8 115.3
Jan. 2016 115.4 115.1
Feb. 2016 115.1 115.5
Mars 2016 114.8 117.9
April 2016 114.5 114.3
Mai 2016 114.1 114.8
Juni 2016 113.6 112.6
Juli 2016 113.1 113.8
Aug. 2016 112.6 109.9
Sep. 2016 112.4 112.3
Okt. 2016 112.4 112.1
Nov. 2016 112.6 112.2
Des. 2016 113.0 112.7
Jan. 2017 113.5 114.3
Feb. 2017 113.9 114.2
Mars 2017 114.2 114.1
April 2017 114.4 114.2
Mai 2017 114.4 114.3
Juni 2017 114.3 114.3
Juli 2017 114.3 114.7
Aug. 2017 114.4 110.6
Sep. 2017 114.4 114.1
Okt. 2017 114.5 114.2
Nov. 2017 114.6 114.8
Des. 2017 114.7 115.9
Jan. 2018 114.8 113.9
Feb. 2018 114.8 114.6
Mars 2018 114.8 115.0
April 2018 114.9 115.3
Mai 2018 115.1 114.7
Juni 2018 115.5 115.4
Juli 2018 115.8 115.9
Aug. 2018 116.3 116.6
Sep. 2018 116.8 116.1
Okt. 2018 117.4 117.7
Nov. 2018 117.8 118.0
Des. 2018 118.2 118.6
Jan. 2019 118.5 118.4
Feb. 2019 118.9 118.3
Mars 2019 119.2 117.0
April 2019 119.5 119.9
Mai 2019 119.7 120.3
Juni 2019 119.7 119.1
Juli 2019 119.7 120.2
Aug. 2019 119.6 118.8
Sep. 2019 119.4 119.7
Okt. 2019 119.4 119.6
Nov. 2019 119.3 119.1
Des. 2019 119.3 119.1
Jan. 2020 119.7
Feb. 2020 119.1
Mars 2020 115.5

Månadsendring: kraftig fall i petroleumsretta leverandørindustri, auke i næringsmidlar

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen fall med heile 3 prosent frå februar til mars 2020. Det er særleg produsentar innanfor petroleumsretta leverandørindustri som opplever nedgang. Dette er arbeidsintensive verksemder som har mykje leveransar til olje- og gassnæringa. Strenge smittevernsreglar og karantene for tilsette meldas som viktige årsakar bak den låge aktiviteten. Dette rammer særleg bruken av utanlandsk arbeidskraft. Nedgangen var størst innanfor bygging av skip og oljeplattformer som gjekk ned med så mykje som 22 prosent.

På den motsette sida bidrog næringsmiddelindustrien til å dempe det samla produksjonsfallet i mars med ein klår oppgang på 4,1 prosent. Veksten heng saman med høg etterspurnad frå den norske dagligvarebransjen knyta til koronasituasjonen. Auken i etterspurnad kan sjåast i samanheng med lågare grensehandel og hamstring av dagligvarer i andre halvdel av mars. For meir informasjon, sjå òg artikkel om auke i daglegvarehandelen i mars.

Figur 2. Utvalde industrinæringar. Sesongjustert, prosentvis månadsendring. Mars 2020/februar 2020

Prosentvis 3-månadsendring
Bygging av skip og oljeplattformer -21.7
Metallvareindustri -7.7
Maskinreparasjon og -installasjon -7.3
Næringsmiddelindustri 4.1

Tremånadsendring: klår nedgang frå 4. kvartal 2019 til 1. kvartal 2020

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen gjekk ned med 1 prosent frå 4. kvartal 2019 til 1. kvartal 2020. Det var særleg den låge produksjonen i mars som trekte ned aktiviteten i 1. kvartal samla sett. Det var bygging av skip og oljeplattformer saman med maskinreparasjon og -installasjon som bidrog mest til den samla nedgangen på kvartalsbasis.

Månadsendring: uendra industriproduksjon i Eurosona i februar

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i eurosona var uendra frå januar til februar 2020. Denne utflatinga blir sannsynlegvis midlertidig ettersom effektane av koronaviruset ventes å trekke ned produksjonstala i eurosona for alvor frå og med mars.

I den same perioden hadde industriproduksjonen i Noreg ein liten nedgang på 0,5 prosent. Sverige hadde  tilnærma uendra utvikling i industriproduksjonen, medan Danmark på si side hadde ein klår oppgang på 2,1 prosent.

For fleire nøkkeltal om europeisk næringsliv, sjå Eurostats informasjonsside om europeisk økonomisk statistikk.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Eurosona Noreg
Jan. 2015 97.5 102.5
Feb. 2015 99.6 102.7
Mars 2015 100.6 106.3
April 2015 99.9 101.7
Mai 2015 100.2 99.7
Juni 2015 100.7 100.6
Juli 2015 100.7 96.5
Aug. 2015 99.7 99.0
Sep. 2015 100.2 99.5
Okt. 2015 99.9 97.0
Nov. 2015 100.1 97.9
Des. 2015 100.9 96.6
Jan. 2016 103.9 96.4
Feb. 2016 101.5 96.7
Mars 2016 100.4 98.8
April 2016 101.7 95.8
Mai 2016 100.3 96.2
Juni 2016 101.6 94.3
Juli 2016 101.3 95.4
Aug. 2016 101.6 92.1
Sep. 2016 101.6 94.1
Okt. 2016 102.6 93.9
Nov. 2016 103.2 94.0
Des. 2016 102.7 94.4
Jan. 2017 102.1 95.8
Feb. 2017 103.1 95.7
Mars 2017 103.3 95.5
April 2017 104.0 95.7
Mai 2017 104.3 95.7
Juni 2017 103.8 95.8
Juli 2017 105.6 96.1
Aug. 2017 106.2 92.6
Sep. 2017 105.9 95.6
Okt. 2017 105.6 95.7
Nov. 2017 108.7 96.2
Des. 2017 108.7 97.1
Jan. 2018 107.5 95.4
Feb. 2018 105.2 96.0
Mars 2018 105.5 96.3
April 2018 105.8 96.6
Mai 2018 107.1 96.1
Juni 2018 106.9 96.7
Juli 2018 105.7 97.1
Aug. 2018 106.9 97.7
Sep. 2018 106.4 97.2
Okt. 2018 106.4 98.6
Nov. 2018 105.4 98.8
Des. 2018 105.1 99.3
Jan. 2019 105.5 99.2
Feb. 2019 105.9 99.1
Mars 2019 105.8 97.9
April 2019 105.0 100.5
Mai 2019 105.5 100.7
Juni 2019 104.3 99.7
Juli 2019 104.2 100.7
Aug. 2019 104.4 99.6
Sep. 2019 104.7 100.3
Okt. 2019 104.3 100.2
Nov. 2019 103.7 99.8
Des. 2019 101.9 99.8
Jan. 2020 104.3 100.3
Feb. 2020 104.3 99.8

Tremånadersendring: olje- og gassutvinning bidrog til auke i den samla produksjonsindeksen

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 1,5 prosent i 1. kvartal 2020 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein klår oppgang på 6,9 prosent, medan utvinning av naturgass hadde ein auke på 3,9 prosent. Olje- og gassproduksjonen blei ikkje nemneverdig påverka av koronautbrotet i fyrste kvartal. Veksten i norsk petroleumsproduksjonen i denne perioden kan mellom anna knytast til produksjonsstart ved eit nytt oljefelt på hausten 2019. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i fyrste kvartal 2020, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester hadde ein auke på 0,7 prosent i 1. kvartal 2020 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 4,7 prosent, medan det for norsk kraftforsyning var ein vekst på 4,1 prosent i denne perioden. Det var særleg høg kraftproduksjon i mars mellom anna grunna oppstart av nye vindkraftanlegg.

1  Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

Industri Utvinning, bergverk, industri og kraft Utvinning og utvinningstenester
Jan. 2010 109.4 92.3 85.1
Feb. 2010 109.7 92.0 84.7
Mars 2010 110.1 91.6 84.4
April 2010 110.8 90.9 83.8
Mai 2010 110.3 90.3 83.6
Juni 2010 111.1 89.3 82.2
Juli 2010 111.8 88.1 80.4
Aug. 2010 112.0 84.9 75.7
Sep. 2010 111.7 83.6 73.7
Okt. 2010 111.4 84.8 75.3
Nov. 2010 112.6 87.4 77.9
Des. 2010 112.6 89.1 80.0
Jan. 2011 112.7 87.7 78.4
Feb. 2011 112.6 87.0 77.9
Mars 2011 113.1 85.8 76.5
April 2011 112.9 84.7 74.9
Mai 2011 113.0 82.3 71.1
Juni 2011 111.7 81.7 70.0
Juli 2011 110.2 81.9 69.7
Aug. 2011 109.6 84.3 72.6
Sep. 2011 110.9 85.6 74.2
Okt. 2011 112.9 86.1 74.5
Nov. 2011 113.8 86.4 74.7
Des. 2011 113.5 85.3 73.6
Jan. 2012 113.9 86.6 74.8
Feb. 2012 113.9 87.3 75.1
Mars 2012 114.0 88.4 75.8
April 2012 113.7 88.4 75.5
Mai 2012 114.4 88.5 75.5
Juni 2012 114.8 88.9 76.0
Juli 2012 115.3 88.0 75.1
Aug. 2012 115.7 87.3 74.0
Sep. 2012 116.3 85.0 70.4
Okt. 2012 116.8 85.2 70.4
Nov. 2012 116.8 84.3 69.3
Des. 2012 116.7 85.3 70.9
Jan. 2013 117.2 83.8 70.1
Feb. 2013 117.7 82.4 69.3
Mars 2013 118.0 80.7 68.4
April 2013 118.8 81.1 68.9
Mai 2013 119.0 82.8 71.1
Juni 2013 120.4 84.0 72.4
Juli 2013 120.8 85.1 73.6
Aug. 2013 121.1 84.5 72.8
Sep. 2013 120.8 83.9 72.1
Okt. 2013 120.3 81.6 69.4
Nov. 2013 120.1 81.5 69.3
Des. 2013 120.2 82.0 69.9
Jan. 2014 120.7 83.7 71.5
Feb. 2014 121.3 84.3 71.8
Mars 2014 121.9 85.2 72.3
April 2014 121.9 85.4 72.3
Mai 2014 122.2 84.2 70.2
Juni 2014 123.0 83.9 69.4
Juli 2014 123.6 83.6 68.8
Aug. 2014 125.2 84.7 70.2
Sep. 2014 124.5 85.7 71.8
Okt. 2014 125.4 87.2 73.6
Nov. 2014 124.6 87.7 74.4
Des. 2014 125.4 87.4 73.7
Jan. 2015 124.1 86.1 72.4
Feb. 2015 123.4 86.1 72.7
Mars 2015 123.9 86.3 72.9
April 2015 123.6 85.4 71.7
Mai 2015 122.4 84.9 71.3
Juni 2015 120.2 85.0 72.0
Juli 2015 118.1 86.2 74.2
Aug. 2015 117.8 87.0 75.4
Sep. 2015 117.4 87.9 76.7
Okt. 2015 117.6 88.1 77.1
Nov. 2015 117.1 87.3 76.2
Des. 2015 116.0 85.4 74.1
Jan. 2016 115.7 85.2 73.7
Feb. 2016 115.3 85.3 73.9
Mars 2016 116.2 85.7 73.7
April 2016 115.9 86.1 74.2
Mai 2016 115.7 86.4 74.7
Juni 2016 113.9 85.3 73.8
Juli 2016 113.7 84.9 73.5
Aug. 2016 112.1 83.2 71.8
Sep. 2016 112.0 81.9 70.1
Okt. 2016 111.4 82.4 71.0
Nov. 2016 112.2 83.9 73.0
Des. 2016 112.3 85.8 75.4
Jan. 2017 113.1 85.7 74.3
Feb. 2017 113.7 85.9 73.6
Mars 2017 114.2 87.0 74.2
April 2017 114.2 87.2 74.5
Mai 2017 114.2 87.2 74.3
Juni 2017 114.3 87.1 73.8
Juli 2017 114.4 86.9 73.4
Aug. 2017 113.2 87.0 73.9
Sep. 2017 113.1 87.5 74.8
Okt. 2017 113.0 86.9 74.0
Nov. 2017 114.4 86.1 72.4
Des. 2017 115.0 84.9 70.4
Jan. 2018 114.9 85.9 70.8
Feb. 2018 114.8 86.9 71.1
Mars 2018 114.5 87.8 71.2
April 2018 115.0 87.3 70.4
Mai 2018 115.0 86.4 69.5
Juni 2018 115.1 86.9 70.9
Juli 2018 115.3 87.3 71.5
Aug. 2018 116.0 88.6 73.2
Sep. 2018 116.2 88.3 72.4
Okt. 2018 116.8 88.8 72.2
Nov. 2018 117.3 87.9 70.5
Des. 2018 118.1 87.3 69.1
Jan. 2019 118.3 86.0 68.2
Feb. 2019 118.4 84.8 67.5
Mars 2019 117.9 83.4 66.9
April 2019 118.4 82.6 65.8
Mai 2019 119.1 82.6 65.4
Juni 2019 119.8 82.3 64.4
Juli 2019 119.9 82.3 64.0
Aug. 2019 119.4 81.5 62.9
Sep. 2019 119.6 81.5 62.5
Okt. 2019 119.4 81.9 63.4
Nov. 2019 119.5 83.7 66.1
Des. 2019 119.3 85.6 69.5
Jan. 2020 119.3 86.1 70.9
Feb. 2020 119.3 86.5 72.0
Mars 2020 118.1 86.9 72.9

Sesongjusteringsmetoden justert - koronakrisa

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret i mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå krisen (frå mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 som ekstremverdi. SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.

Trendtalet for mars som bereknast i sesongjusteringsrutinen vil berre vere ein framskrive verdi og er for mars vanskeleg å tolke.

Svarprosent for mars 2020

Tala for mars blei samla inn i perioden frå 31. mars til 6. mai 2020. Svarprosenten for mars er høg sjølv om all datainnsamlinga blei gjennomført etter 12. mars. Svarprosenten for mars 2020 er 95,2 prosent, mot 97,7 prosent i same månad i fjor.

Påska kan påverke dei kalenderjusterte og sesongjusterte tala

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.

Kontakt