6584_not-searchable
/befolkning/statistikker/likekom/arkiv
6584
Hammerfest framleis på topp
statistikk
2002-01-17T10:00:00.000Z
Befolkning
no
likekom, Indikatorer for kjønnslikestilling i kommunene, kjønnslikestilling, likestilling, likestillingsindeks, kvinner og menn, indikatorer (for eksempel barnehagedekning, fedre med fedrekvote, kvinner i arbeidsstyrken), kommunerangeringLikestilling, Befolkning
false

Indikatorer for kjønnslikestilling i kommunene2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Hammerfest framleis på topp

Likestillingsindeksen for 2001 viser at Hammerfest framleis er den einaste kommunen i landet som skårar full pott. Oslo, Akershus og Finnmark ligg på topp for fylka, medan Agder-fylka ligg på jumboplass.

Dette er det tredje året på rad at SSB publiserar likestillingsindeksen for kommunane i Noreg. I år som i fjor er det Hammerfest som er den mest likestilte kommunen i landet. Hammerfest får skåren 4,0, og er dermed den einaste kommunen i landet som er blant dei 25 prosent beste kommunane på alle indikatorane. På delt andreplass følgjer Rollag og Sør-Varanger, også dei på same plass som i fjor. På delt fjerdeplass kjem Leikanger, Namsos og Bodø.

I botn av lista ligg kommunane Herøy (Møre og Romsdal) og Vanylven med skåren 1,1. Herøy låg også i fjor på botn med same skåren medan Vanylven har gått tilbake frå 1,3. Også kommunane Haram, Selje, Tysnes, Sokndal, Kvinesdal og Farsund skårar lågt i 2001 med ein indeks på 1,3. Også på den nedste delen av lista er det små endringar sidan året før.

Alle dei seks største byane ligg over gjennomsnittet for heile landet. Oslo er best av desse med ein skåre på 3,3. Deretter følgjer Stavanger (3,1), Trondheim (3,0), Bergen (2,9), Drammen (2,8) og Kristiansand (2,7). Av dei mellomstore byane er det Bodø (3,7) og Hamar (3,6) som er mest likestilt.

fig-2002-01-17-01

Få store endringar

Frå 1999 til 2000 var det til dels store endringar for nokre kommunar. Mesteparten av desse endringane kom av kommunestyrevalet og den endra samansetjinga av kommunestyra. Denne indikatoren har vore uendra frå 2000 til 2001, og dei andre indikatorane gjev mindre utslag frå eit år til eit anna. Men også i år er det nokre kommunar som gjer relativt store hopp i positiv eller negativ retning. Kommunane Askvoll og Gamvik er dei som har gjort det største spranget oppover på lista. Begge hadde ein indeksverdi i 2000 på 2,5, medan dei i 2001 hamnar på 3,1. Dette utgjer for begge eit hopp på 140 plassar oppover på lista til delt 65. plass. For Askvoll kjem endringane spesielt av ei betring i prosentdel kvinner i arbeidsstyrken og prosentdel kvinner per 100 menn i alderen 20-39 år. I Gamvik er det spesielt kjønnssamansetninga i alderen 20-39 år som har endra seg, og ein skårar også betre på barnehagedekning.

Størst negativt sprang frå 2000 til 2001 har kommunen Overhalla gjort. Denne kommunen gjekk ned 133 plassar til 209. plass. Dette utgjorde ein endring i indeksverdien på 0,5 poeng. Også kommunane Salangen, Bjarkøy, Skjerstad og Namdalseid gjekk langt nedover på lista. Alle gjekk ned 132 plassar til 253. plass. Størst poengmessig hopp nedover på lista gjorde kommunen Vang, som gjekk ned 0,6 poeng frå 3,3 til 2,7. Her kjem endringa spesielt av nedgang i prosentdel kvinner i alderen 20-39 år og i prosentdel kvinner i arbeidsstyrken.

Det er for det meste dei minste kommunane som opplever store hopp på indeksen. Desse kommunane er mindre robuste for små endringar i til dømes befolkningssamansetjing, og ein barnehage ekstra eller mindre kan få store utslag. I større kommunar skal det naturleg nok større endringar til før det slår ut på denne indeksen.

Agder-fylka på botn

I år har Møre og Romsdal gått forbi Aust-Agder på fylkesoversikten, og dermed er det dei to Agder-fylka som ligg på botn. Vest-Agder får ein gjennomsnittsindeks på 1,9, det same som i fjor, medan Aust-Agder ligg på 2,1, ned 0,1 poeng sidan året før. Fylka har den lågaste prosentdelen kvinnelege kommunestyrerepresentantar og prosentdel kvinner i arbeidsstyrken i landet, og Vest-Agder er også på botn når det gjeld barnehagedekning og inntekta til kvinner. Men ikkje alle kommunane i desse fylka gjer det like dårleg. Kommunane Valle og Bykle i Aust-Agder skårar høvesvis 3,4 og 3,5 poeng på likestillingsindeksen, og er med sine 17. og 11. plassar blant dei mest likestilte kommunane i landet.

Oslo toppar fylkesoversikten også i år med 3,3 poeng. På delt andreplass kjem Akershus og Finnmark med 2,9 poeng. Også fylka Sogn og Fjordane, Buskerud, Hedmark og Nord-Trøndelag ligg over landsgjennomsnittet.

Mange måtar å skildra likestilling på

Likestilling mellom kvinner og menn kan skildrast på mange ulike måtar og ved hjelp av mange typar statistikk. Ein indeks er eit samlemål , ein måte å forenkla eller komprimera data på. I likestillingsindeksen prøver me å samanfatta ulike - direkte og indirekte - mål på likestilling som viser i kva grad kvinner og menn deltek - eller har høve til å delta - i politikk, utdanning, og yrkesliv i den einskilde kommune. Dei mål eller indikatorar som inngår i indeksen er:

  • Barnehagedekning 1-5 år (2000)
  • Prosentdel kvinnelege kommunestyrerepresentantar (1999)
  • Talet på kvinner per 100 menn i alderen 20-39 år (2000)
  • Utdanningsnivået til kvinner og menn (1999)
  • Kvinner og menn i arbeidsstyrken (2000)
  • Inntekt til kvinner og menn (1999)

Denne samanstillinga av indikatorar er sjølvsagt berre éin av fleire moglege måtar å visa likstillingssituasjonen i kommunane på. Indeksen omfattar det som er tilgjengeleg av relevant statistikk og dei viktigaste målbare faktorane må seiast å vera med.

For indikatoren "Prosentdel kvinner per 100 menn", så er denne teken med som ein slags indirekte indikator. Kommunar med få sjansar for utdanning og ein einsidig (mannsdominert) næringsstruktur opplever gjerne fråflytting av unge vaksne kvinner. Låg prosentdel kvinner indikerar difor at grunnlaget for likestilling er svakt i kommunen.

 

Tabeller