6238
/befolkning/statistikker/folkemengde/arkiv
6238
Flest unge i Rogaland
statistikk
2007-02-22T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Flest unge i Rogaland

Ein av fem personar i Noreg er under 16 år, og Rogaland er fylket med flest unge. Hovudstaden har den lågaste prosentdelen i denne gruppa.

Dei som er under 16 år, utgjer 20 prosent av folketalet i Noreg. Blant fylka er det flest unge i Rogaland, der dei står for 23 prosent av folketalet. Deretter følgjer Akershus og Vest-Agder med om lag 22 prosent. Færrast unge er det i Oslo, med 18 prosent.

Dei eldre i befolkninga, på 67 år og over, står no for 13 prosent av folketalet i landet. Det er relativt flest eldre i Hedmark, Oppland og Sogn og Fjordane.

Største auken sidan 1957

Ved siste årsskifte var 4 681 100 personar registrerte som busette i Noreg. I 2006 auka folketalet med 40 900, som er 7 000 fleire enn året før. Folketilveksten i 2006 nådde med dette 0,88 prosent, den største årlege relative veksten sidan 1957

Aldersfordelinga i ei befolkning er eit resultat av fleire tilhøve: Om folk lever lenge og om det flyttar mange ut eller inn og alderen deira – men mest om det er blitt fødd mange dei siste tiåra.

Folkemengd etter kjønn og alder ligg føre alt no

I fjor vart, for første gong, endelege tal for folkemengd publiserte alt i februar, og same publiseringsmåte blir brukt i år. Det vil seie at tal for folkemengd etter kjønn og alder blir publiserte no, medan meir detaljert statistikk innafor emnet vil liggje føre 8. mars.

Likeins blir det no publisert endringstal for 4. kvartal 2006 og for heile kalenderåret 2006 alt i februar, sjå http://www.ssb.no/folkendrkv/ og http://www.ssb.no/ekteskap/.

 

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB