178674
statistikk
2014-08-20T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengd og befolkningsendringar, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Fødte og døde, Folketall, Flytting, Innvandring og innvandrere, Befolkning
true

Folkemengd og befolkningsendringar2. kvartal 2014

Innhald

Færre flyttar til Noreg

Folketalet auka med 13 300 i 2. kvartal til nær 5 138 000 busette 1. juli. 13 800 personar flytta frå utlandet til Noreg, 2 300 færre enn i 2. kvartal i fjor.

Folkemengd og endringane i kvartalet
2. kvartal 2014 2. kvartal 2013 Endringar frå tilsvarande periode året før
Antal
Folketalet ved inngangen av kvartalet 5 124 383 5 063 709 60 674
Fødde 15 769 15 670 99
Døde 9 832 9 798 34
Fødselsoverskot 5 937 5 872 65
Innvandring 13 805 16 126 -2 321
Utvandring 6 446 7 909 -1 463
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring 7 359 8 217 -858
Folkevekst 13 296 14 089 -793
Folketalet ved utgangen av kvartalet 5 137 679 5 077 798 59 881
Figur 1. Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst. 2. kvartal
Figur 2. Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst. 1. og 2. kvartal
Figur 3. Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 2. kvartal 2014
Figur 4.  Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet i prosent av folkemengda. 2. kvartal 2014
Figur 1. Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst. 2. kvartalFigur 2. Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst. 1. og 2. kvartalFigur 3. Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 2. kvartal 2014Figur 4.  Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet i prosent av folkemengda. 2. kvartal 2014

Folketilveksten på 13 300 er 800 lågare enn i 2. kvartal 2013, og den noko minkande folketilveksten heng saman med lågare nettoinnvandring frå utlandet. Ein må tilbake til 2. kvartal 2007 for å finne lågare folketilvekst i 2. kvartal. Flytteoverskotet frå utlandet på 7 300, er resultatet av vel 13 800 innvandringar og 6 450 utvandringar . Samanlikna med tilsvarande kvartal i fjor var det vel 2 300 færre innvandringar, og 1 500 færre utvandringar.

Det blei født nær 15 800 i 2. kvartal, og 9 800 døydde. Det er 100 fleire fødde og nokre fleire døde enn i fjor, og fødselsoverskotet blei dermed om lag 50 høgare.

Flest polakkar og litauarar innvandra

Av dei med utanlandsk statsborgarskap som innvandra til Noreg, var det framleis flest polakkar. Med 2 000 innvandringar stod dei for 14 prosent av alle innvandringane til landet i 2. kvartal. Det var òg mange litauarar og svenskar som innvandra, respektive 950 og 800. Deretter fylgde eritrearar, rumenarar og filippinarar med noko mindre enn 500 innvandringar kvar.

Som i 2. kvartal i fjor var det størst nettoinnvandring blant dei med polsk og litauisk statsborgarskap. Svenske statsborgarar hadde som tidlegare år mange flyttingar til og frå Noreg. I 2. kvartal i år flytta om lag 800 svenskar til Noreg, og 900 flytta frå Noreg. Året før stod grannefolket for om lag 1 000 innvandringar og 1 000 utvandringar.

Blant dei som flytta til og frå Noreg i 2. kvartal, stod norske statsborgarar for om lag 1 900 av innvandringane og 1 700 utvandringar.

Folketalet auka mest i Akershus

I alle fylka, bortsett frå i Sogn og Fjordane, voks folketalet i 2. kvartal. Innbyggjartalet i Akershus voks med 3 200, mest av alle fylka. Sett i høve til folketalet var det òg Akershus som hadde den kraftigaste veksten. Deretter fylgde Vest-Agder, Rogaland og Aust-Agder.

I høve til folketalet var det Oslo, Rogaland og Sør-Trøndelag som hadde størst fødselsoverskot, medan Hedmark og Oppland hadde fødselsunderskot i 2. kvartal.

Størst innanlandsk flytteoverskot i Akershus

Bortsett frå Oslo hadde alle fylka rundt indre Oslofjord flyttevinst i 2. kvartal. I tillegg hadde Oppland, Agderfylka og Rogaland flyttevinst. Sett i høve til folketalet var det størst innanlandsk flytteoverskot i Akershus, Østfold og Vestfold.

Sogn og Fjordane og Oslo hadde størst innanlandsk flyttetap sett i høve til folketalet, og Nord-Trøndelag hadde innanlandsk flyttebalanse med like mange inn- som utflyttingar overfor landet elles.

Flyttevinst frå utlandet i alle fylka

Alle fylka hadde flyttevinst frå utlandet. Størst flyttevinst sett i høve til folketalet hadde Finnmark, Oslo og Troms.

Folketalet auka med 28 600 hittil i år

Det vart født 30 100 barn i løpet av fyrste halvår 2014, og 20 200 døydde. Fødselsoverskotet på nær 10 000 var 1 300 høgare enn i fyrste halvår i fjor då det var 300 færre fødde og 1 000 fleire døde. Med 32 900 innflyttingar og 14 300 utflyttingar hittil i år enda flytteoverskotet på 18 600. Flytteoverskotet blei dermed 800 høgare enn i fyrste halvår 2013. Dette heng saman med høge utvandringstal i fyrste halvår i fjor som igjen heng saman med at Det sentrale folkeregisteret, spesielt i 1. kvartal 2013, utregistrerte svært mange utanlandske statsborgarar som tidlegare hadde flytta frå landet utan å melde frå. Dei siste åra har denne typen oppryddingar i folkeregisteret vore vanlege, men med noko mindre omfang enn i fyrste halvår 2013.