215606_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-berekna
215606
5 214 900 personar busette ved årsskiftet
statistikk
2015-12-17T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false
Statistikken viser beregnet folkemengde ved utgangen av 2015.

Befolkning1. januar 2016, berekna tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

5 214 900 personar busette ved årsskiftet

Folketilveksten i 2015 er berekna til å bli 49 100, eller 0,95 prosent. Dette er mindre vekst enn i fjor da folketilveksten var 56 700. Ein ventar at det vil vere 5 214 900 busette her i landet 1. januar 2016.

Berekna folkevekst og folkemengde. Heile landet og dei ti største kommunane.
2015
Folkemengde 1. januar. Endelege talBerekna folkevekstBerekna folkemengde 31. desemberBerekna folkevekst. Prosent
Heile landet5 165 80249 0885 214 8901,0
Oslo647 67611 173658 8491,7
Bergen275 1122 783277 8951,0
Trondheim184 9602 221187 1811,2
Stavanger132 102580132 6820,4
Bærum120 6851 636122 3211,4
Kristiansand87 44692888 3741,1
Fredrikstad78 15980378 9621,0
Sandnes73 6241 33174 9551,8
Tromsø72 68187573 5561,2
Drammen67 01674967 7651,1
Figur 1. Berekna fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst

Om lag 63 prosent av folketilveksten vil kome på grunn av innvandringsoverskot frå utlandet, og 37 prosent av tilveksten vil kome frå fødselsoverskotet. Innflyttingsoverskotet frå utlandet har fram til no i år gått ned, og er eit resultat av lågare innvandring og høgare utvandring Asylsøkjarar som ikkje har fått opphaldsløyve er ikkje med i berekningane.

Nettoinnvandringa, som er berekna til 63 prosent av folketilveksten, vil stå for ein mindre part av folketilveksten i 2015 enn han har gjort i åra frå og med 2007-2014. I nokre av desse åra stod nettoinnvandringa for over 70 prosent av folketilveksten.

Totalt reknar ein med at nettoinnvandringa frå utlandet vil vere på rundt 30 900, som er 7 200 lågare enn i 2014. I toppåra 2011 og 2012 var nettoinnvandringa høgast med over 47 000 i både åra.

Det berekna fødselsoverskotet på 18 100 vil være noko lågare enn i fjor, men vil likevel utgjere ein større del av folketilveksten på grunn av den store nedgangen i nettoinnvandringa.

Berekna folkevekst i 2015. Kommunar.

Om berekninganeÅpne og lesLukk

Folkevekst og folkemengd er berekna ut frå folkeregisteropplysningar om fødslar, dødsfall og flyttingarsom var komne inn før 1. desember 2016. For desember 2016 er det i kvar kommune rekna med om lag tilsvarande endringar i folkemengd som i desember 2015. Dersom mønsteret for flyttingar, fødslar og dødsfall i desember 2016 viser seg å bli mykje ulikt det i desember året før, vil dei endelege tala for folkemengd 31. desember 2016 (og folketilveksten i 2016) avvike i samsvar med dei nye endringane.

For nokre kommunar vil difor berekna folketal 31. desember sjå ut som om ei utvikling er broten utan at det er tilfellet. Som regel vil dette gjelde små kommunar. Ein lyt difor sjå på berekna tal som førebels informasjon.