6260_om_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkber/aar
6260_om
statistikk
2006-12-20T10:00:00.000Z
Befolkning
no
false

Berekna folkemengd ved årsskiftet1. januar 2007

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Berekna folkemengd ved årsskiftet
Emne: Befolkning

Ansvarleg seksjon

Seksjon for befolkningsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Folkemengd:

Alle tal gjelder heimehøyrande (de jure) folkemengd. Kven som skal reknas som busett i Noreg og kor i Noreg ein person skal reknas som busett, er fastlagt i lov om folkeregistrering av 16. januar 1970. Forskriftene til loven blei sist endra med verknad frå 1. oktober 1998. "(Se avsnitt 4.1.,"Bosatt" i "Om statistikken )

Folketilvekst:

Folketilveksten for eit år bli rekna som berekna folkemengd 1. januar år n+1 minus folkemengd år n.

Standard klassifikasjonar

Standard for kommuneinndeling

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Kommuner

Kor ofte og aktualitet

Årleg

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Statistikken over berekna folkemengd inneheld aggregerte opplysningar og blir bare korttidslagra. Folkemengd og dei endelege endringstala for heile året blir langtidslagra og publisert i fleire samanheng på kommunar

Bakgrunn

Føremål og historie

Som eit tillegg til den årlege og dei kvartalsvise statistikkane over berfolkningsutviklinga lagar SSB denne hurtigstatistikken som bereknar folketalet fram i tid, ved det komande årsskiftet. Berekninga byggjer på meldingar om fødde, døde, inn- og utflyttingar til og med november månad. Utviklinga i desember framskrivast ut frå den utviklinga som har vore for fødde, døde, inn- og utlfyttingar for desember månad dei siste par åra, saman med det ein kan venta seg, sett ut frå utviklinga i inneverande år.

Statistikk over berekna folkemengd ved det komande årsskiftet er laga sidan 1980, men berre for heile landet. 1. januar 2000 er fyrste gongen berekningane er gjort for fylka og kommunane i landet. Kommunetala vil vere noko meir usikre enn tala for fylka og heile landet, og berekna folketal i dei minste kommunane vil vere meir usikre enn berekningane for større kommunar.

Brukarar og bruksområde

Statistikken har eit vidt spekter av brukarar og bruksområde, som offentleg forvalting, massemedia og privatpersonar.

Samanheng med annan statistikk

Sidan denne statistikken er ein hurtigstatistikk som byggjer på berekningar vil folketalet i den einskilde kommune i denne statistikken avvike frå det folketalet som blir publisert i annan befolkningsstatistikk i midten av februar året etter.

folkemengde

kvartalsvise befolkningsendringar

Lovheimel

§§ 2-1, 2-2, 3-2.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Gjeld personar ein reknar med vil være registrert busett i Noreg ved årsskiftet. Kven som skal reknast som busett i Noreg, sjå punkt 4.1. Definisjon av de viktigaste begrep og variabler.

Datakjelder og utval

Statistikken byggjer på folkeregisteropplysningar.

Etter 1946 har det i kvar einskild kommune vært eit lokalt folkeregister som skal føre register over alle busette i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og forskrifter til loven. Frå 2005 er arbeidsmåten i folkeregistra endra, og det er no 97 større registereiningar som dekkjer registreringa for fleire kommunar i kvart fylke. Folkeregistra får meldingar om fødslar, dødsfall, giftarmål, skilsmisser, flyttingar med vidare frå ulike kjelder for dei kommunane dei dekkjer registreringa for.

Det sentrale personregisteret (DSP) ble bygget opp i årene 1964-1966 med utgangspunkt i folketeljinga i 1960, samstundes som det 11-sifra fødselsnummeret blei innført som identifikasjon. Registeret inneheld dei som deltok i folketeljinga, og seinare alle som har vært busett i Noreg frå og med 1. oktober 1964. I 1995 overtok Det sentrale folkeregister (DSF) i Skattedirektoratet som offisielt register. Sentralkontoret for folkeregistrering administrerer DSF (og før det DSP). Kontoret ble frå 1991 overført frå Statistisk sentralbyrå til Skattedirektoratet.

Sidan 1968 har registeret (DSP, seinare DSF) gitt grunnlag for å utarbeide årlege statistikkar (kvartalsstatistikk sidan 1974) over befolkninga og befolkninga si samansetjing. For åra før 1968 blei folketal berekna på grunnlag av folkemengd ved dei 10-årlige folketeljingane, og tal for fødde og døde og tilgjengelege flyttetal for åra mellom.

Oppdateringa i Det sentrale folkeregister blir utført til dels ved de lokale folkeregisterkontora, som er knytte til registerbasen (DSF) via terminalar, delvis sentralt i Skattedirektoratet. Grunnlaget for statistikken over endringar i befolkninga er elektroniske kopiar til Statistisk sentralbyrå av alle slike meldingar som oppdaterer registeret. Meldingane oppdaterer ein eigen befolkningsdatabase i Statistisk sentralbyrå som skal utvikle statistikk. Denne befolkningsbasen utgjer grunnlaget for befolkningsstatistikken.

Datainnsamling, editering og beregninger

Frå januar 1998 er meldingar (elektroniske kopiar) blitt overførde dagleg frå DSF til SSB, tidlegare månadleg. Før mai 1995 tok SSB imot meldingane på magnetband kvar månad.

I tillegg til dei kontrollane som blir utførte i DSF, utfører SSB kontrollar for statistiske formål. Meir detaljerte opplysningar om kva slag kontrollar er gitt i Dokumentasjon av BESYS-befolkningsstatistikksystemet. Befolkningsendringer i 1998 og befolkningsbasen (BEBAS) 1. januar 2000

Berekninga byggjer på meldingar om fødde, døde, inn- og utflyttingar til og med november månad. Utviklinga i desember framskrivast ut frå den utviklinga som har vore for fødde, døde, inn- og utflyttingar for desember månad dei siste par åra, saman med det ein kan venta seg sett ut frå utviklinga i inneverande år.

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

På grunn av kommunesamanslåingar og -delingar, samt grensereguleringar, er ikkje tal for kommunar og fylke alltid samanliknbare over tid. Se Juvkam, Dag (1999): "Historisk oversikt over kommune- og fylkesinndelinga 1838-1996", Rapporter 99/13, Statistisk sentralbyrå.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Nokre feil i samband med innsamling og bearbeiding av data er ikkje til å unngå. Det kan være kodefeil, revisjonsfeil, feil i edb-behandlinga etc. Det er gjort eit omfattande arbeid for å minimalisere slike feil, så ein i statistikk samanhang som oftast kan sjå bort frå dei.

Fråfallsfeil vil finnast i den grad det er personar som oppheld seg i Noreg som ikkje er registrert som busett i fylgje regelverket, fastlagt i lov om folkeregistrering av 16. januar 1970. Sjå punkt 4.1. Definisjon av dei viktigaste begrepa og variable.

Sidan denne statistikken er ein hurtigstatistikk som byggjer på berekningar og antagelser om utviklinga fram i tid, vil folketalet i den einskilde kommune i denne statistikken avvike frå det folketalet som blir publisert i annan befolkningsstatistikk i midten av februar året etter. Kommunetala vil vere noko meir usikre enn tala for fylka og heile landet, og berekna folketal i dei minste kommunane vil vere meir usikre enn berekningane for større kommunar.