Statistikken byggjer på folkeregisteropplysningar.
Etter 1946 har det i kvar einskild kommune vært eit lokalt folkeregister som skal føre register over alle busette i kommunen
i samsvar med lov om folkeregistrering og forskrifter til loven. Frå 2005 er arbeidsmåten i folkeregistra endra, og det er
no 97 større registereiningar som dekkjer registreringa for fleire kommunar i kvart fylke. Folkeregistra får meldingar om
fødslar, dødsfall, giftarmål, skilsmisser, flyttingar med vidare frå ulike kjelder for dei kommunane dei dekkjer registreringa
for.
Det sentrale personregisteret (DSP) ble bygget opp i årene 1964-1966 med utgangspunkt i folketeljinga i 1960, samstundes som
det 11-sifra fødselsnummeret blei innført som identifikasjon. Registeret inneheld dei som deltok i folketeljinga, og seinare
alle som har vært busett i Noreg frå og med 1. oktober 1964. I 1995 overtok Det sentrale folkeregister (DSF) i Skattedirektoratet
som offisielt register. Sentralkontoret for folkeregistrering administrerer DSF (og før det DSP). Kontoret ble frå 1991 overført
frå Statistisk sentralbyrå til Skattedirektoratet.
Sidan 1968 har registeret (DSP, seinare DSF) gitt grunnlag for å utarbeide årlege statistikkar (kvartalsstatistikk sidan 1974)
over befolkninga og befolkninga si samansetjing. For åra før 1968 blei folketal berekna på grunnlag av folkemengd ved dei
10-årlige folketeljingane, og tal for fødde og døde og tilgjengelege flyttetal for åra mellom.
Oppdateringa i Det sentrale folkeregister blir utført til dels ved de lokale folkeregisterkontora, som er knytte til registerbasen
(DSF) via terminalar, delvis sentralt i Skattedirektoratet. Grunnlaget for statistikken over endringar i befolkninga er elektroniske
kopiar til Statistisk sentralbyrå av alle slike meldingar som oppdaterer registeret. Meldingane oppdaterer ein eigen befolkningsdatabase
i Statistisk sentralbyrå som skal utvikle statistikk. Denne befolkningsbasen utgjer grunnlaget for befolkningsstatistikken.