På grunn av vedlikehold kan ssb.no og Statistikkbanken være ustabil i lange perioder i løpet av helgen, og helt utilgjengelig lørdag 16. oktober fra kl 17:00 til 21:00. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Svært svak folkevekst

Publisert:

Folketalet i Noreg auka med 4 800 i første kvartal 2020. Dermed var det 5 372 355 som budde i landet ved slutten av kvartalet.

Folkeveksten på 4 800 personar var monaleg mindre enn i same kvartalet dei føregåande åra, og den minste auken i eit første kvartal sidan 2001. Om vi ser på utviklinga i dei fire siste kvartala samla, var folkeveksten likevel noko større enn eitt år tidlegare og om lag på same nivå som for to år sidan. Dette viser dei nyaste kvartalstala frå statistikken Befolkning.

Litt færre fødde, litt fleire døde

Det vart fødd 13 000 born i første kvartal, og det døde 10 800 personar. Dette gjev eit fødselsoverskot på 2 200. Talet på fødde i første kvartal har minka jamt dei siste 20 åra, medan talet på døde har variert mellom 10 000 og 12 000 i same perioden. Resultatet er at fødselsoverskotet har minka dei seinare åra, men endringane er ikkje store. Den låge folkeveksten i første kvartal skuldast altså ikkje at fødselsoverskot var spesielt lite, men at nettoinnvandringa var den lågaste i eit første kvartal sidan 2001, sjå figur 1.

Figur 1. Folkevekst, fødselsoverskot og nettoinnvandring i første kvartal. 2000-2020

Fødselsoverskot Nettoinnvandring Folkevekst
2000 2492 3589 6081
2001 2855 1559 4414
2002 1934 4398 6332
2003 2262 3484 5746
2004 3138 1967 5105
2005 2694 3599 6293
2006 3776 5307 9083
2007 2879 7489 10368
2008 3771 12431 16202
2009 3326 9618 12944
2010 4124 10889 15013
2011 3539 13421 16960
2012 3455 13617 17072
2013 2805 9629 12434
2014 4045 11282 15327
2015 2548 8648 11196
2016 3511 5760 9271
2017 2394 6435 8829
2018 1691 5468 7159
2019 2629 5653 8282
2020 2199 2576 4775

Få innvandringar

Det innvandra 10 500 personar til Noreg i første kvartal i år. Dette er 1 800 færre enn i same kvartalet i fjor, og det lågaste talet i eit første kvartal sidan 2006. Det var særleg i mars månad at innvandringa var klårt mindre enn i fjor. Dette kan tyde på at koronapandemien, med mykje uvisse og etter kvart stengde landegrenser, er ei viktig årsak til at så få har innvandra.

9 000 av innvandrarane i første kvartal hadde utanlandsk statsborgarskap. Den største gruppa er dei med statsborgarskap frå Polen, nærast følgt av dei frå Litauen, Sverige og India. Figur 2 viser at særleg land som India, Polen og Filippinane hadde stor nedgang i innvandringa samanlikna med same kvartalet året før. Det var òg nedgang for mange andre europeiske land, men innvandringa frå Sverige og Danmark var på same nivået som i fjor.

Figur 2. Innvandring i første kvartal 2018-2020 etter statsborgarskap. Utvalde land

2018 2019 2020
Polen 1484 1367 1161
Litauen 807 707 629
Sverige 554 465 472
India 394 733 418
Filippinane 410 466 270
Danmark 306 230 233
Tyskland 232 304 217
Spania 199 224 167
Thailand 224 242 159

Ganske stor utvandring

Om det låge innvandringstalet i første kvartal har med koronapandemien å gjere, vil ein vente at det òg var få som utvandra. Men den registrerte utvandringa var på 7 900 personar, som er drygt 1 200 fleire enn i same kvartal året før og på om lag same nivå som snittet for første kvartal i åra 2017-2019.

Ein del av dei utvandringane som vert registrerte for eit kvartal, skuldast vedtak i folkeregisteret, sjå forklaringsboksen nedanfor. I første kvartal 2020 blei det gjort fleire slike vedtak enn normalt, noko som tyder at den registrerte utvandringa er større enn det som er reelt i dette kvartalet. I fjerde kvartal 2019 var talet på utvandringsvedtak derimot klårt lågare enn normalt, slik at utvandringstalet då var kunstig lågt.

Den største auken i talet på utvandringar frå same kvartalet året før, gjeld statsborgarar frå Polen, men det var auke for dei fleste EØS-land med unnatak av Sverige. Dette heng saman med at dei aller fleste utvandringsvedtaka gjeld statsborgarar frå EØS-land utanom Norden.

Tre fylke har minkande folketal

Fylka Innlandet, Nordland og Møre og Romsdal hadde alle minkande folketal i første kvartal. Også Viken hadde ein klårt mindre auke enn det som har vore vanleg dei føregåande kvartala. Klårt størst var nedgangen i Innlandet, der folketalet minka med nærare 600 i løpet av kvartalet. Fylket hadde både fødselsunderskot og netto utflytting.

I alt 176 av landets 356 kommunar hadde minkande folketal i første kvartal. Av dei 46 kommunane i Innlandet hadde 34 lågare folketal ved utgangen enn ved inngangen av kvartalet.

Flyttetap til utlandet for Innlandet og Oslo

Figur 3 viser at Innlandet og Oslo hadde netto utvandring i første kvartal. Viken hadde òg uvanleg svak netto innvandring. Ein må då vere merksam på at prosentdelen utvandringar som skuldast vedtak, er større i desse tre fylka enn det som er snittet for heile landet. Om ein ser dei to siste kvartala under eitt, hadde alle fylka nettoinnvandring.

Figur 3. Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet. Per 1000. 1. kvartal 2020

Nettoinnflytting frå utlandet Nettoinnflytting, innanlandsk
Viken 0.03 0.75
Oslo -0.18 0.09
Innlandet -0.51 -0.25
Vestfold og Telemark 0.53 0.47
Agder 0.77 0.19
Rogaland 1.25 -0.40
Vestland 0.83 -0.32
Møre og Romsdal 0.81 -1.11
Trøndelag 1.08 0.00
Nordland 0.99 -1.20
Troms og Finnmark 1.25 -0.79
Heile landet 0.48 0.00

Fylka Viken, Oslo, Vestfold og Telemark og Agder hadde alle innanlandsk nettoinnflytting, Størst innanlands flyttetap i høve til folketalet hadde Nordland, Møre og Romsdal og Troms og Finnmark.

Opprydding i folkeregisteret

Ein god del av dei utvandringane som blir registrerte i eit kvartal, er personar som folkeregisteret har gjort vedtak om å utvandre. Det er personar som har flytta frå landet for lengre tid sidan utan å melde frå. I dei siste åra gjeld dette om lag ein tredel av utvandringane. I første kvartal 2020 er om lag halvparten vedtaksutvandringar. Dermed blir talet på registrerte utvandringar større enn det som er reelt i dette kvartalet.

 

Kontakt