90230_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
90230
Vekst i sysselsetjinga
statistikk
2012-11-21T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talseptember 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i sysselsetjinga

Talet på sysselsette personar auka med 17 000 frå juni til september 2012. I september utgjorde dei arbeidslause 3,0 prosent av arbeidsstyrken.

Etter nokre månader utan signifikant vekst i sysselsetjinga, viser Arbeidskraftundersøkinga (AKU) at talet på sysselsette gjekk opp frå juni (gjennomsnitt av mai-juli) til september (gjennomsnitt av august-oktober). På grunn av utvalsusikkerheita i AKU kan utslaga i tala frå månad til månad bli for store jamført med dei faktiske endringane. Det ein kan seie er at veksten i sysselsetjinga gjennom 2012, er merkbart lågare enn veksten i perioden frå midten av 2010 til utgangen av 2011.

Frå juni til september auka befolkninga med 12 000 personar, slik at sysselsetjingsprosenten auka frå 69,2 til 69,4 prosent. Sysselsetjingsprosenten er sysselsette i prosent av befolkninga mellom 15 og 74 år.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2006-2012. I prosent av arbeidsstyrken

Framleis stabil arbeidsløyse

Arbeidsløysa har det siste halvåret vore uendra, justert for sesongvariasjonar. I september utgjorde dei arbeidslause 3,0 prosent av arbeidsstyrken, noko som svarte til 81 000 personar. Dette var 1 000 færre enn i juni, ei endring som er innanfor feilmarginen i AKU. Også talet på registrerte arbeidslause, og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV, gjekk ned med til saman 1 000 personar i den same perioden.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 15 og 74 år. Frå juni til september 2012 auka sysselsetjinga med 17 000 personar, medan AKU viser at talet på arbeidslause gjekk ned med 1 000. Talet på personar i arbeidsstyrken gjekk dermed opp med 16 000.

 

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Auka arbeidsløyse i Sverige og Danmark

I begge dei to andre skandinaviske landa gjekk arbeidsløysa opp med 0,2 prosentpoeng frå juni til september 2012. I september utgjorde dermed dei arbeidslause 8,3 prosent i Danmark og 7,8 prosent i Sverige. Også i Frankrike auka arbeidsløysa, frå 10,4 prosent i juni til 10,8 prosent i september. I Tyskland gjekk arbeidsløysa derimot ned med 0,1 prosentpoeng, til 5,4 prosent, i september. Når ein ser på EU15 under eitt, gjekk arbeidsløysa opp frå 10,7 prosent i juni til 10,8 prosent i september. EU15 består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007. I den same perioden gjekk utviklinga andre vegen i USA. Her var det ein nedgang på 0,4 prosentpoeng, til 7,8 prosent, i september. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Arbeidslause (AKU), sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. Prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår dette difor ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR.

 

Statistisk sentralbyrå gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året utan sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

 

For kvar nye månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal.

 

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtalte i ei eiga publisering .

Tabeller: