65393_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
65393
Små endringar på arbeidsmarknaden
statistikk
2012-02-01T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talnovember 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar på arbeidsmarknaden

Det var berre små endringar i sysselsetjinga og arbeidsløysa frå august til november 2011. I november utgjorde dei arbeidslause 3,4 prosent av arbeidsstyrken.

Justert for sesongvariasjonar var det 5 000 fleire arbeidslause i november (gjennomsnitt av oktober-desember) enn i august (gjennomsnitt av juli-september) i fjor. Auken er innanfor feilmarginen i abeidskraftundersøkinga (AKU). I november 2011 var 89 000 personar arbeidslause.

Registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning ned med 1 000 personar frå august til november i fjor, viser sesongjusterte tal.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. Prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. 1 000

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom august og november viser tala frå AKU ein oppgang i sysselsetjinga på 7 000, mens det blei 5 000 fleire arbeidslause. Dette gir ein netto auke i arbeidsstyrken på 12 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Stabil sysselsetjing

Dei sesongjusterterte tala viser ein auke i sysselsetjinga med 7 000 personar frå august til november. Dette ligg innanfor feilmarginen. Likevel er auken i tråd med ein signifikant vekst i sysselsetjinga gjennom heile 2011.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2011. I prosent av arbeidsstyrken

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2011. 1 000

Nedgang i arbeidsløysa i USA

I USA sokk arbeidsløysa til 8,6 prosent i november 2011, ein nedgang på 0,5 prosentpoeng frå august. Ikkje sidan 2009 har arbeidsløysa vore på eit slikt nivå i USA. I EU15, som består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007, auka arbeidsløysa frå 9,7 prosent i august til 9,9 prosent i november. Frankrike var blant dei EU-landa der arbeidsløysa auka, mens utviklinga i Tyskland gjekk andre vegen. I Frankrike utgjorde dei arbeidslause 9,8 prosent i november, opp 0,2 prosentpoeng frå august. I Tyskland var arbeidsløysa på 5,5 prosent, ein nedgang på 0,3 prosentpoeng.

Arbeidsløysa i Sverige var på 7,4 prosent i november i fjor, og på 7,8 prosent i Danmark i same periode. Samanlikna med i august var dette uendra for Sverige sin del, men for Danmark tilsvarte det ein auke på 0,3 prosentpoeng. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året reinska for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

Revisjon

For kvar nymånad blir heilt tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eigen publisering.

Tabeller: