2016
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
2016
Vekst i sysselsetjinga
statistikk
2010-08-25T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuni 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i sysselsetjinga

Frå mars til juni 2010 gjekk talet på sysselsette personar opp med 17 000, syner arbeidskraftundersøkinga. Arbeidsløysa heldt seg stabil på 3,5 prosent i same perioden.

Justert for sesongvariasjonar var det 17 000 fleire personar i arbeid i juni (gjennomsnitt mai-juli) enn i mars (gjennomsnitt februar-april). Auken var sterkast blant personar over 25 år. Veksten i sysselsetjinga er den sterkaste sida mars 2008.

Stabil arbeidsløyse

Tal frå AKU viser at det var inga endring i den sesongjusterte arbeidsløysa frå mars til juni, arbeidsløysa heldt seg dermed stabil på 3,5 prosent.

Til samanlikning minka talet på registrerte arbeidslause hos NAV og talet på ordinære tiltaksdeltakarar med om lag 2 000 personar i same perioden. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom mars og juni ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på 17 000, mens arbeidsløysa heldt seg på tilnærma same nivå. Dette gir ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 18 000.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + sysselsette= arbeidstyrken

Arbeidsstyrken + utanfor arbeidsstyrken = befolkninga

Nedgang i arbeidsløysa i Skandinavia

Sverige og Danmark opplevde begge ein nedgang i arbeidsløysa frå mars til juni på høvesvis 0,4 og 0,5 prosentpoeng. Arbeidsløysa i Sverige var i juni 8,1 prosent, mens ho i Danmark var 6,6 prosent. I same perioden fall arbeidsløysa i USA med 0,2 prosentpoeng, til 9,5 prosent. I EU-15 var arbeidsløysa 9,5 prosent i juni, uendra frå mars. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat.

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken, punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2010. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2010. I prosent av arbeidsstyrken

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. Prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1 000

 

Tabeller

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB