84053_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
84053
Ikkje lenger auke i sysselsetjinga
statistikk
2012-10-31T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talaugust 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ikkje lenger auke i sysselsetjinga

Det var berre små endringar i talet på sysselsette frå mai til august 2012. Dei små endringane i sysselsetjinga dei siste tre månadene representerer eit brot med ein om lag toårig auke i sysselsetjinga.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2006-2012. I prosent av arbeidsstyrken

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at talet på sysselsette var om lag uendra frå mai (gjennomsnitt av april-juni) til august (gjennomsnitt av juli-september), justert for sesongvariasjonar. Frå mai til august auka befolkninga, medan talet på sysselsette var om lag uendra, sysselsetjingsprosenten gjekk dermed ned frå 69,5 til 69,2 prosent. Sysselsetjingsprosenten er sysselsette i prosent av befolkninga mellom 15 og 74 år.

Arbeidsløyse på 3,1 prosent

Den sesongjusterte arbeidsløysa på 3,1 prosent i august svarte til 82 000 personar. Dette var 1 000 fleire enn i mai, ein endring som er innanfor feilmarginen i AKU. Til samanlikning var talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV uendra i den same perioden.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 15 og 74 år. Frå mai til august 2012 syner AKU at det var ein nedgang i sysselsetjinga på 1 000, medan talet på arbeidslause gjekk opp med 1 000. Sidan talet på arbeidslause gjekk opp med like mye som talet på sysselsette gjekk ned var talet på personar i arbeidsstyrken uendra.

 

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Uendra arbeidsløyse i nabolanda

I august utgjorde dei arbeidslause 7,8 prosent av arbeidsstyrken i Sverige, den tilsvarande delen var 8,0 prosent i Danmark. Dette var uendra samanlikna med i mai. I Frankrike auka arbeidsløysa frå 10,3 prosent i mai til 10,6 prosent i august. I Tyskland heldt arbeidsløysa seg stabil på 5,5 prosent i den same perioden. I EU15, som består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007, gjekk arbeidsløysa opp frå 10,6 prosent i mai til 10,7 prosent i august. I USA gjekk arbeidsløysa ned frå 8,2 prosent i mai til 8,1 prosent i august. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. Prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår dette difor ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR.

 

Statistisk sentralbyrå gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året utan sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

 

For kvar nye månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal.

 

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtalte i ei eiga publisering .

Tabeller: