84043_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
84043
Nedgang i arbeidsløysa
statistikk
2012-05-29T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmars 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i arbeidsløysa

Dei arbeidslause utgjorde 3 prosent av arbeidsstyrken i mars 2012. Dette gir ein nedgang på 0,3 prosentpoeng samanlikna med desember i fjor. I same periode auka talet på sysselsette med 19 000.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2006-2012. I prosent av arbeidsstyrken

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Justert for sesongvariasjonar var det 80 000 arbeidslause i mars 2012 (gjennomsnitt av februar-april). Det er ein nedgang på 8 000 frå desember 2011 (gjennomsnitt av november-januar). Nedgangen kom i hovudsak blant personar over 25 år.

Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV ned 3 000 i løpet av den same perioden. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Auke i sysselsetjinga

Frå desember i fjor til mars i år auka talet på sysselsette med 19 000. Veksten i sysselsetjinga fordelte seg jamt mellom menn og kvinner, men var sterkast for dei under 25 år.

Veksten i talet på sysselsette ga også ein auke i sysselsetjingsprosenten. Den gjekk opp frå 69,2 prosent i desember til 69,5 prosent i mars. Med sysselsetjingsprosent meiner ein sysselsette i prosent av befolkninga.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 15 og 74 år. Frå desember 2011 til mars 2012 var det ein oppgang i sysselsetjinga på 19 000, mens talet på arbeidslause gjekk ned 8 000. Dette gir ein auke i arbeidsstyrken på 11 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. Prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Arbeidsløysa ned i USA, opp i EU15

I mars utgjorde dei arbeidslause i USA 8,2 prosent av arbeidsstyrken, ned 0,3 prosentpoeng frå desember 2011. I EU15 gjekk utviklinga andre vegen. Her var arbeidsløysa 10,4 prosent1 i mars, opp 0,3 prosentpoeng frå desember. EU15 består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007.

I Danmark auka arbeidsløysa frå 7,8 prosent i desember 2011 til 8,1 prosent i mars 2012. I Sverige gjekk arbeidsløysa ned 0,2 prosentpoeng til 7,3 prosent i mars.

Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår dette difor ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året utan sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

For kvar nye månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtalt i ei eiga publisering .

1  Rettet 24. september 2012: Talet viste til Euro15-området, ikkje EU15-området

Tabeller: