52690_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
52690
Framleis nedgang i arbeidsløysa
statistikk
2011-05-04T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talfebruar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis nedgang i arbeidsløysa

Dei arbeidslause utgjorde 3,1 prosent av arbeidsstyrken i februar 2011. Det er ein nedgang på 0,5 prosentpoeng frå november 2010.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. Prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. 1 000

Justert for sesongvariasjonar var det 12 000 færre arbeidslause personar i februar 2011 (gjennomsnitt januar-mars) enn i november 2010 (gjennomsnitt oktober-desember). Nedgangen var sterkast blant personar over 25 år.

Arbeidsløysa for desember 2010 (gjennomsnitt november-januar) og januar 2011 (gjennomsnitt desember-februar) er begge reviderte opp 0,1 prosentpoeng sidan førre publiseringa, til høvesvis 3,4 og 3,3 prosent.

Til samanlikning minka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med 6 000 i same perioden. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Berre mindre endringar i sysselsetjinga

Dei sesongjusterte tala viser ein auke på 8 000 sysselsette personar frå november til februar, noko som er innanfor feilmarginen i AKU. Samstundes er dette i tråd med at AKU har synt ein trendmessig auke i sysselsetjinga sidan april 2010. Fordi folkemengda aukar sterkt, har det likevel vore ein nedgang i sysselsetjingsprosenten.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom november og februar ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på 8 000, mens det blei 12 000 færre arbeidslause personar. Dette gir ein netto nedgang i arbeidsstyrken på 4 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2011. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2011. I prosent av arbeidsstyrken

Nedgang i arbeidsløysa i USA og Europa

I USA blei arbeidsløysa redusert med 0,9 prosentpoeng mellom november 2010 og februar 2011, til 8,9 prosent. Tyskland hadde i same periode ein nedgang på 0,3 prosentpoeng, til 6,3 prosent. I Sverige blei arbeidsløysa redusert med 0,2 prosentpoeng, og i februar var 7,6 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året reinska for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir iblant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal.

Tabeller: