52688_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
52688
Nedgang i arbeidsløysa
statistikk
2011-03-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljanuar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i arbeidsløysa

Dei arbeidslause utgjorde 3,2 prosent av arbeidsstyrken i januar 2011. Dette er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå oktober 2010. Det var berre små endringar i sysselsetjinga.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. Prosent av arbeidsstyrken

Justert for sesongvariasjonar var det 7 000 færre arbeidslause personar i januar 2011 (gjennomsnitt desember - februar) enn i oktober 2010 (gjennomsnitt september - november). Nedgangen gjaldt personar over 25 år.

Arbeidsløysa for desember (gjennomsnitt november - januar) er revidert ned 0,1 prosentpoeng sidan førre publisering, til 3,3 prosent.

Til samanlikning minka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med 3 000 i same periode. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Små endringar i sysselsetjinga

Det var små endringar i sysselsetjinga mellom oktober og januar. Dei sesongjusterte tala viser ein auke på 9 000 personar, auken ligg innanfor feilmarginen i AKU, men er i tråd med ein meir langsiktig vekst sidan vinteren 2010. Fordi folkemengda aukar sterkt, er det likevel ein nedgang i sysselsetjingsprosenten.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom oktober og januar ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på 9 000, mens det blei 7 000 færre arbeidslause personar. Dette gir ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 2 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Nedgang i arbeidsløysa i USA

I USA vart arbeidsløysa redusert med 0,7 prosentpoeng mellom oktober 2010 og januar 2011, til 9 prosent. Danmark hadde i same periode ein auke på 0,5 prosentpoeng, til 8,2 prosent. I EU15 blei arbeidsløysa redusert med 0,2 prosentpoeng i perioden, og i januar var 9,4 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2011. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2011. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året reinska for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i ”Om statistikken” , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal.

Tabeller: