2008
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2008
Arbeidsmarknaden held seg stabil
statistikk
2010-12-22T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taloktober 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsmarknaden held seg stabil

Dei arbeidslause utgjorde i oktober 3,6 prosent av arbeidsstyrken. Auken frå 3,4 prosent i juli ligg innanfor feilmarginen.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. Prosent av arbeidsstyrken

Tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 4 000 personar, eller 0,2 prosentpoeng, frå juli (gjennomsnitt juni-august) til oktober (gjennomsnitt september-november).

Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med om lag 3 000 personar i same perioden. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Uendra sysselsetjing

Sysselsetjinga for oktober heldt seg om lag på det same nivået som i juli. Dei sesongjusterte tala viser ein nedgang på 3 000 personar, men dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2010. 1 000

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom juli og oktober ser vi ein nedgang i sysselsetjinga på 3 000, mens det blei 4 000 fleire arbeidslause personar. Dette gir ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 1 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

arbeidslause + sysselsette = arbeidsstyrken

arbeidsstyrken + utanfor arbeidsstyrken = befolkninga

Nedgang i arbeidsløysa i Sverige

I Sverige gjekk arbeidsløysa ned med 0,4 prosentpoeng mellom juli og oktober, til 8,1 prosent. Danmark hadde i same perioden ein auke på 0,5 prosentpoeng, til 7,8 prosent. Både EU-15 og USA hadde ein oppgang på 0,1 prosentpoeng, og i oktober var det begge stader ei arbeidsløyse på 9,6 prosent. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2010. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i ”Om statistikken” , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal. På grunn av tekniske problem i desember 2010 mangla ein denne gongen fleire intervju enn vanleg for siste del av november.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB