2010_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2010
Stabil arbeidsmarknad
statistikk
2010-11-24T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, september 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsmarknad

Arbeidsmarknaden heldt seg stabil frå juni til september. I september utgjorde dei arbeidslause 3,5 prosent av arbeidsstyrken.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. Prosent av arbeidsstyrken

Tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det ikkje var noka endring i den sesongjusterte arbeidsløysa frå juni (gjennomsnitt mai-juli) til september (gjennomsnitt august-oktober).

Arbeidsløysa for juni (gjennomsnitt for mai-juli) er blitt revidert ned 0,1 prosentpoeng sidan førre publiseringa, til 3,5 prosent.

Til samanlikning minka talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV med om lag 1 000 personar i same perioden. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Stabil sysselsetjing

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2010. 1 000

Sysselsetjinga heldt seg stabil i perioden. Frå juni til september syner AKU ein nedgang på 2 000 personar. Nedgangen er innanfor feilmarginen i AKU.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom juni og september ser vi ein nedgang i sysselsetjinga på 2 000 og inga endring i talet på arbeidslause personar. Dette gir ein netto nedgang i arbeidsstyrken på 2 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

arbeidslause + sysselsette = arbeidstyrken

arbeidsstyrken + utanfor arbeidsstyrken = befolkninga

Nedgang i arbeidsløysa i Danmark

I Danmark gjekk arbeidsløysa ned med 0,3 prosentpoeng mellom juni og september, til 7 prosent. Tyskland hadde i same perioden ein nedgang på 0,2 prosentpoeng, til 6,7 prosent. Både EU-15 og USA hadde ein oppgang på 0,1 prosentpoeng, og i september var det begge stader ei arbeidsløyse på 9,6 prosent. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2010. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller: