Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i arbeidsløysa
Dei arbeidslause utgjorde i juli 3,3 prosent av arbeidsstyrken, dette er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå april.
Den sesongjusterte arbeidsløysa minka med 9 000 personar, eller 0,3 prosentpoeng, frå april (gjennomsnitt mars-mai) til juli (gjennomsnitt juni-august), syner tal frå arbeidskraftsundersøkinga (AKU).
Til samanlikning minka talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV med om lag 5 000 personar i same perioden. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.
Auke i sysselsetjing
Samtidig med nedgang i arbeidsløysa ser vi ein auke i sysselsetjinga. Frå april til juli auka sysselsetjinga med 25 000 personar. Personar over 25 år står for nesten heile auken.
|
Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom april og juli ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på 25 000 og ein nedgang i arbeidsløysa på 9 000 personar. Dette gir ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 16 000. Samanheng mellom omgrepaArbeidslause + sysselsette = arbeidsstyrken Arbeidsstyrken + utanfor arbeidsstyrken = befolkninga |
Nedgang i arbeidsløysa i USA og Skandinavia
I USA gjekk arbeidsløysa ned med 0,4 prosentpoeng mellom april og juli, til 9,5 prosent. Både Sverige og Danmark hadde i same perioden ein nedgang på 0,5 prosentpoeng, til høvesvis 8,5 og 6,9 prosent i juli. I EU-15 heldt arbeidsløysa seg uendra på 9,5 prosent frå april til juli. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busetteAKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald . |
Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte talFøremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering . |
RevisjonFor kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62