2018_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2018
Stabil arbeidsløyse og sysselsetjing
statistikk
2010-08-05T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, mai 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsløyse og sysselsetjing

Dei arbeidslause utgjorde i mai 3,6 prosent av arbeidsstyrken. Auken frå 3,5 prosent i februar ligg innanfor feilmarginen.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. Prosent av arbeidsstyrken

Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 4 000 personar, eller 0,1 prosentpoeng, frå februar (gjennomsnitt januar - mars) til mai (gjennomsnitt april - juni), viser tal fra Arbeidskraftundersøkinga (AKU).

Til samanlikning minka talet på registrerte arbeidslause hos NAV og ordinære tiltaksdeltakarar med om lag 3 000 personar i same perioden. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Arbeidsløysa for april (gjennomsnitt for mars - mai) er i AKU blitt revidert ned 0,1 prosentpoeng, frå 3,7 til 3,6 prosent.

Stabil sysselsetjing

Sysselsetjinga heldt seg om lag på same nivå i mai som i februar. Dei sesongjusterte tala viser ein oppgang på 5 000 personar, men dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2010. 1 000

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom februar og mai ser vi både ein oppgang i sysselsetjinga på 5 000 og i arbeidsløysa på 4 000 personar. Dette gir ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 9 000.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette= Arbeidstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Uendra arbeidsløyse i EU samla og i USA

I EU 15-landa sett under eitt var 9,5 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause i mai. Arbeidsløysa er dermed uendra frå februar. I same perioden var også arbeidsløysa i USA uendra og låg på 9,7 prosent. Tyskland opplevde derimot ein nedgang i arbeidsløysa frå 7,4 til 7,0 prosent i same perioden, medan Danmark hadde ein nedgang på 0,3 prosentpoeng. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2010. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i ”Om statistikken” , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller: