2020
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2020
Auke i arbeidsløysa
statistikk
2010-06-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talapril 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i arbeidsløysa

Arbeidsløysa auka med 0,3 prosentpoeng frå januar til april 2010. I april utgjorde dei arbeidslause 3,7 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2010. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2010. I prosent av arbeidsstyrken

Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 7 000 personar frå januar (gjennomsnitt desember-februar) til april (gjennomsnitt mars-mai), viser tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU). Auken fordeler seg likt mellom menn og kvinner.

Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med om lag 2 000 personar i same perioden. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Stabil sysselsetjing

Sysselsetjinga heldt seg på same nivå i april som i januar. Dei sesongjusterte tala viser ein nedgang på 4 000 personar, men dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom januar og april ser vi ein nedgang i sysselsetjinga på 4 000, mens vi har ein oppgang i talet på arbeidslause på 7 000. Dette gir ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 3 000.

Samanheng mellom omgrepa

arbeidslause + sysselsette = arbeidsstyrken

arbeidsstyrken + utanfor arbeidsstyrken = befolkninga

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1 000

Små endringar i Europa

10,0 prosent av arbeidsstyrken i EU-15 var arbeidslaus i april, opp 0,1 prosentpoeng frå januar. I same perioden opplevde Tyskland ein nedgang frå 7,4 til 7,1 prosent. I USA steig arbeidsløysa med 0,2 prosentpoeng til 9,9 prosent av arbeidsstyrken. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. Prosent

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli, august og september. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i ”Om statistikken” , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB