2024
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2024
Auke i arbeidsløysa
statistikk
2010-05-05T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talfebruar 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i arbeidsløysa

Dei arbeidslause utgjorde i februar 3,5 prosent av arbeidsstyrken. Dette er opp 0,2 prosentpoeng frå november. Sysselsetjinga held seg stabil.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. Prosent

Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 5 000 personar frå november (gjennomsnitt for oktober-desember) til februar (gjennomsnitt for januar-mars), viser arbeidskraftundersøkinga (AKU). Det var størst auke blant personar mellom 25 og 74 år.

Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med om lag 1 000 personar i same perioden. På grunn av ein nedgang for personar på arbeidsmarknadstiltak var den samla auken for registrerte ledige og personar på arbeidsmarknadstiltak på under 1 000 personar. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Arbeidsløysa for desember (gjennomsnitt for november-januar) og januar (gjennomsnittet for desember-februar) er begge blitt reviderte opp 0,1 prosentpoeng, frå 3,3 til 3,4 prosent.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2010. 1 000

Stabil sysselsetjing

Det var berre små endringar i sysselsetjinga mellom november 2009 og februar 2010. Dei sesongjusterte tala viser ein auke på 4 000 personar. Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom november og februar ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på 4 000, mens vi har ein oppgang i talet på arbeidslause på 5 000. Dette gir ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 9 000.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + sysselsette = arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + utanfor arbeidsstyrken = befolkninga

Framleis auke i Europa

I februar utgjorde dei arbeidslause 9,5 prosent av arbeidsstyrken i EU-15, opp 0,1 prosentpoeng frå november. I Sverige steig arbeidsløysa med 0,3 prosentpoeng, til 9,0 prosent av arbeidsstyrken. Også Danmark såg ein auke på 0,3 prosentpoeng frå november til februar og kom dermed opp i 7,5 prosent. USA viser for andre månaden på rad nedgang i arbeidsløysa, 9,7 prosent av arbeidsstyrken var heilt ledig i februar. Dette er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå november. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2010. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som i folkeregisteret er registrerte som busette. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli, august og september. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i Om statistikken , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB