2026
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2026
Stabil arbeidsmarknad
statistikk
2010-03-24T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljanuar 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsmarknad

Arbeidsløysa og sysselsetjinga heldt seg stabil frå oktober 2009 til januar 2010. Dei arbeidslause utgjorde i januar 3,3 prosent av arbeidsstyrken.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. Prosent

Justert for sesongvariasjonar var det ifølgje Arbeidskraftundersøkinga (AKU) inga endring i arbeidsløysa frå oktober (gjennomsnitt for september-november) til januar (gjennomsnitt for desember-februar). Arbeidsløysa på 3,3 prosent av arbeidsstyrken utgjorde 85 000 personar.

Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med om lag 3 000 personar frå oktober til januar. På grunn av ein nedgang for personar på arbeidsmarknadstiltak var den samla auken for registrerte ledige og personar på arbeidsmarknadstiltak på 2 000 personar. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no

Stabil sysselsetjing

Det var berre små endringar i sysselsetjinga mellom oktober 2009 og januar 2010. Tala viser ein auke på 3 000 personar. Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Arbeidstyrken gjekk opp

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom oktober og januar ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på 3 000, mens talet på arbeidslause held seg på same nivå. Dette gir ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 3 000. Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2010. 1 000

Betring i USA

I januar utgjorde dei arbeidslause 9,7 prosent av arbeidsstyrken i USA. Arbeidsløysa gjekk dermed ned 0,4 prosentpoeng frå oktober. Dette er første gong sidan mai 2007 at det er ein nedgang i arbeidsløysa i USA. Arbeidsmarknaden i Europa viser framleis oppgang i arbeidsløysa. I EU-15 steig den samla arbeidsløysa med 0,1 prosentpoeng, til 9,1 prosent. I Sverige steig arbeidsløysa med 0,3 prosentpoeng, til 9,1 prosent av arbeidsstyrken i januar. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette= Arbeidstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2010. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli, august og september. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i ”Om statistikken” , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB