2028
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2028
Arbeidsmarknaden held seg stabil
statistikk
2010-02-24T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taldesember 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsmarknaden held seg stabil

Nedgangen i sysselsetjinga ser ut til å ha stoppa opp. Også i arbeidsløysa er det berre små endringar frå september til desember 2009.

Etter ei tid med nedgang auka sysselsetjinga frå september (gjennomsnitt for august-oktober) til desember (gjennomsnitt for november-januar) med 9 000 personar. Dette ligg innanfor feilmarginen til arbeidskraftundersøkinga (AKU), men er samstundes i tråd med utviklinga den siste tida, som tyder på at nedgangen i sysselsetjinga har stoppa opp.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. Prosent

Stabil arbeidsløyse

Dei arbeidslause utgjorde ifølgje sesongjusterte tal frå AKU 3,3 prosent av arbeidsstyrken i desember 2009 (gjennomsnitt for november-januar). Arbeidsløysa auka dermed med 0,1 prosentpoeng, eller 3 000 personar, frå september (gjennomsnitt for august-oktober). Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Arbeidsløysa for november (gjennomsnitt for oktober-desember) er blitt revidert opp 0,1 prosentpoeng, frå 3,2 til 3,3 prosent.

Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med om lag 1 000 personar frå september til desember. Legg ein til personar på arbeidsmarknadstiltak, var auken på 4 000 personar. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom september og desember ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på 9 000, mens vi har ein oppgang i talet på arbeidslause på 3 000. Dette gir ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 12 000.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + sysselsette= arbeidstyrken

Arbeidsstyrken + utanfor arbeidsstyrken = befolkninga

Arbeidsløysa aukar framleis i Europa

Arbeidsmarknaden i Europa viser stadig oppgang i arbeidsløysa. Danmark opplevde ein auke på 0,9 prosentpoeng i perioden september-desember, til 7,4 prosent. I EU-15 steig den samla arbeidsløysa med 0,2 prosentpoeng, til 9,6 prosent. I Frankrike steig arbeidsløysa med 0,3 prosentpoeng, til 10,0 prosent av arbeidsstyrken i desember. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2009. I prosent av arbeidsstyrken

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli, august og september. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i ”Om statistikken” , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB