2032_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2032
Sysselsetjinga fell framleis
statistikk
2009-12-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taloktober 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sysselsetjinga fell framleis

Frå juli til oktober var det ein nedgang i sysselsetjinga på 20 000 personar. Dei arbeidslause utgjorde i oktober 3,2 prosent av arbeidsstyrken.

Justert for sesongvariasjonar viser arbeidskraftundersøkinga (AKU) eit fall i sysselsetjinga på 0,8 prosent frå juli (gjennomsnitt for juni-august) til oktober (gjennomsnitt for september-november). Nedgangen i sysselsetjinga er sterkast blant dei under 25 år og fordeler seg likt mellom kvinner og menn.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. Prosent

Svak auke i arbeidsløysa

Arbeidsløysa steig frå 3,1 prosent i juli til 3,2 i oktober. Dette utgjorde ein auke på 4 000 personar, men ein så moderat oppgang ligg innanfor feilmarginen i AKU. Arbeidsløysa aukar mest blant dei over 25 år.

Arbeidsløysa for september har blitt revidert opp 0,1 prosentpoeng, frå 3,1 til 3,2 prosent

Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med omlag 2 000 personar frå juli til oktober. Legg ein til personar på arbeidsmarknadstiltak, var veksten på 4 000 personar. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom juli og oktober ser vi ein nedgang i sysselsetjinga på 20 000, mens vi har ein oppgang i talet på arbeidslause på 4 000. Dette gir ein netto nedgang i arbeidsstyrken på 16 000. Frå dei sist publiserte kvartalstala frå AKU (ikkje sesongkorrigerte tal) ser vi at veksten i talet på personar utanfor arbeidsstyrken mellom anna har kome blant dei som studerer og dei som er førtidspensjonerte/uføre.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette= Arbeidstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Arbeidsløysa veks framleis i Europa

Arbeidsmarknaden i Europa viser framleis oppgang i arbeidsløysa. Danmark opplevde ei stigning på 0,9 prosentpoeng i perioden juli til oktober, slik at arbeidsløysa i Danmark no er på 6,9 prosent. I EU steig den samla arbeidsløysa med 0,3 prosentpoeng til 9,8 prosent, medan ho i USA steig med 0,8 prosentpoeng. Arbeidslause amerikanarar utgjorde 10,2 prosent av arbeidsstyrken i oktober. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2009. I prosent av arbeidsstyrken

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli, august og september. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i ”Om statistikken” , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller: